Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Johannes Nymark: Barça. I kamp sidan 1899

«Alle veit i dag at toppfotballen er ein korrupt pengemaskin der stadig griskare eigarar inntar styreromma, medan ingen lokale heltar er igjen på laget som entrar banen».

Denne salven kjem frå Kjartan Fløgstad i føreordet til dokumentarboka om FC Barcelona, klubben som av mange blir rekna som verdas beste på totusentalet. Forfattaren er Johannes Nymark, spansklærar, forskar og fotballentusiast med eit livslangt kjærleiksforhold til klubben. Han kom til Barcelona som ung språkstudent i 1971, og kjøpte sitt første årskort på heimebana Camp Nou (som tyder Ny mark!) lenge før klubben og spelarane fekk verdsvid stjernestatus. Han har dermed ein heilt annan og breiare bakgrunn enn dagens talrike Barça-fans, som først og fremst er opptekne av spelarane og spelet på den grøne grasmatta.

Nymark skriv om kvifor FC Barcelona er annleis enn andre fotballag, og korleis klubben alltid har spelt ei viktig rolle for politikk, kultur og samfunn i den autonome regionen Katalonia. Her var det tidleg sterke rørsler for modernitet, fridom og demokrati i konflikt med den spanske sentralmakta i Madrid. Desse verdiane vart også berebjelkar for klubben sin identitet, og ligg under rivaliseringa mot erkefienden Real Madrid. Den rivaliseringa er like hard i dag som for hundre år sidan.

Dei kritikkverdige sidene ved drifta av klubben blir også omtala. Barcelona har m.a. hatt ei lite ærerik rolle i dei siste åras hemningslause pengebruk i den internasjonale toppfotballen, med astronomiske løner, milliardovergangar og økonomisk vanstyre.

Dette er like mykje ei bok om politikk og kulturhistorie som om fotball. Men lesarar som er mest opptekne av spelarar, trenarar og viktige kampar, får også sitt. I hovudkapittelet «Jakta på Barça si sjel» tar forfattaren utgangspunkt i nokre av dei mest sentrale aktørane frå starten i 1899 til våre dagars «Gud og Messias» (Maradona og Messi) og trenarane Cruyff og Guardiola. Statistikknerdane vil truleg setje pris på nesten 15 sider med detaljerte oversyn over serie- og cup-titlar, trenarar og toppskårarar. Midt i boka er det også lagt inn nokre fine historiske bilete.

Boka høver best fotballinteresserte vgs.-elevar og vaksne med interesse for meir enn fotball. Språket er ikkje spesielt tilpassa born eller ungdom, men kan kallast lettlesen sakprosa. Kjeldetilvisingar i teksten og litteraturliste og register helt bak gjer det lett å finne utfyllande stoff, t.d. i arbeid med fordjupingsoppgåver.

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
ungdomsbøker