Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Arnt Birkedal og Inger Lise Belsvik: Sennepsfrø, natt til idrettsdag

Idrettsdag. Ein dag som mange gler seg til, men også mange gruar seg til. Alvhild Aske er ei av dei som gruar seg. Ho gruar seg til både liten og stor ball. Kan dei ikkje snakke om draumar på skulen i staden for?

«Det står på alle vekeplanar at no, midt i denne veka, blir det halde idrettsdag att. Viss vêret held. Og det gjer det jo, alt tyder å det.»

Det er kvelden før idrettsdag, og Alvhild har lagt seg. Ho prøver å lese, men fell etter kvart i søvn. Og ho drøymer. I draumen prøver ho å finne alle moglege utvegar så det ikkje vert idrettsdag. «Det må finnast vegar utanom, over og under idrettsdagen. Det må finnast vegar rundt.» I draumen er det tidleg morgon, og Alvhild vil kjøpe pølse med berre sennep på. For «sennep riv og røskar opp i ting. Sennep hjelper ein med å synga, synga ut. Sennep hjelper ein med å tru, og å flytta fjell. Sennep gir ein flygekrefter.»

I draumen møter Alvhild mange ulike folk og dyr. Ho møter fiskarar som meiner det har blitt folk av dei og, sjølv utan idrettsdag. Ho ser stupetårn med elevar som skal stupe, og gymlærarar som snur seg vekk for å ikkje vise at dei ler av klønene som prøver å stupe. Innimellom vaknar Alvhild frå draumen, går på do, les litt, tenkjer på «hengemannen» som læraren innimellom teiknar opp på tavla siste time fredagane. Så sovnar ho igjen og drøymer vidare. Ho møter ein hegre, og spør om hegren nokon gong har hatt idrettsdag, eller kanskje veit hegren ein veg utanom? Dei flyg av garde, mot kyrkjespiret på åsen. Og her ved kyrkja, i draumen, møter ho fleire andre som også leitar etter vegen utanom idrettsdag. Saman leitar dei, og flyg over hav og land på ryggen til hegren. Dei kjem til eit fjell med sennepsgruver. Men gruvedørene er stengde, og Alvhild finn ut at det er andre drøymarar der ute som har meir bruk for sennepen enn ho. Idrettsdagen er ikkje til å kome utanom, og Alvhild bestemmer seg for å møte dagen, og gjere så godt ho kan.

Dette er ei fin bok som tek opp tema som mange kan kjenne seg igjen i. Alle har ting ein gruar seg til innimellom, og sjølv om ein gjerne skulle ønske å sleppe unna denne redselen, frykta, nervøsiteten, så må ein som regel møte det vanskelege. Då handlar det om korleis ein møter det. Og som Alvhild er det lurt å bestemme seg for å gjere så godt ein kan.

Boka er vakkert skriven og illustrert, og samspelet mellom tekst og bilete gir ekstra liv til forteljinga. Ei flott bok å lese som utgangspunkt for samtale, og kanskje før ein idrettsdag?

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
Frost
3–6
3–6
3–6