Lars Mæhle: Tusenfryd. Noveller

Tusenfryd er ein flott blomster, men Lars Mæhle viser at «Tusenfryd» også kan vere tittelen på ei nydeleg bok! Denne boka rørte meg allereie frå første side.

Boka har undertittelen «noveller», og ho inneheld historier om livet til seks gutar og jenter i ein tettstad i Noreg. Kvart kapittel gir lesaren innblikk i livet til dei ulike personane og viser at det gøymer seg meir i ein person enn det vi ser. Forteljingane heng saman med kvarandre og dannar ei heilskapleg forteljing om relasjonane og liva til elevane, borna, tenåringane og menneska i ein klasse. I det siste kapitelet, eller forteljinga, «juleevangeliet», er det ei spesiell setning som oppsummerer boka, og sjølve livet, så godt. Setninga «Alt vi ikkje veit om kvarandre …»

Og dette er heile essensen i boka. Kan det vere ein skjult grunn til at folk er som dei er, eller gjer som dei gjer?

Vi møter tenåringar som på kvar sin måte har sitt å stri med, men som gjer det dei kan for å skjule det for omverda. Boka skildrar livet slik det kan vere i brytingstida mellom barn og vaksen, utfordringar og løyndomar som er vonde å bere på, men som også er vanskelege å avsløre. For om dei vonde løyndomane vert avslørte, kjem også dei svakaste sidene til den enkelte fram. Og kva skjer då? Når det viser seg at den du er, og den du gir deg ut for å vere, ikkje er den same personen, då slår fasaden sprekkar. Ungane i forteljingane har ulike utfordringar i liva sine, og om nokre problem og vanskar er meir alvorlege enn andre, tek forfattaren alle utfordringane på alvor. Det er alvorleg nok for dei som står i det.

Forfattaren skildrar ulike menneskeskjebnar i denne fine boka. Boka er skriven på ein lett og levande måte, og sjølv om boka er utan illustrasjonar, kan ein sjå for seg både miljø, natur og personane for sitt indre auge. Boka kan fungere som ein god samtalestartar, og kanskje vil den treffe enkelte meir enn andre. Det er nok mange som kan relatere seg til innhaldet i boka, både på godt og vondt, og boka opnar opp for refleksjon.

Eg kan varmt anbefale denne boka. Boka passar for barn på mellomsteget og ungdomsskulen.