Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Tor Arve Røssland: Vulkanen vaknar. Første bok i serien Overleve.

Opplegg til boka:
Tid for ti: Undervisningsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka

Jamal og Eira er begge 13 år. Dei har blitt med kvar sin far om bord på forskingsskipet Bluenose. Oppdraget er å finne ut kvar all fisken i nordatlantiske farvatn har tatt vegen. Det kan bli matkrise om dei ikkje finn fisken. Jamal er svært interessert i alt som går føre seg om bord, men det er ikkje Eira. Ho har ikkje lyst til å vere der i det heile, men faren har bestemt.

Hendingane strekker seg over 17 dagar, og dette er ei framtidsforteljing. Her får vanlege folk reise med fly berre ein gong i året, og flyplassen for Bergen er flytta til Voss. Dei store isane har smelta, og havstraumane går ikkje lenger der dei gjekk før. Like alvorleg er det at heile Nord- og Sør-Amerika er blitt eit diktatorisk land som heiter Americas. Her er det berre Canada som ikkje er med. Dei to store rådande nasjonane er Alliansen og Den Kinesiske Staten, og mellom dei er det fare for krig.

Eira er ei hissig og kjeftsterk jente med blått hår, som veit kva ho ikkje vil. Ho er utvist frå skolen, og mobilen hennar er beslaglagd. Jamal er annleis, han er positiv, nysgjerrig og engasjert, og dei to ungdommane er i utgangspunktet ikkje venner. Jamal kan gå ved hjelp av eit implantat, og alle må ha ein chip i armen. Eira og Jamal er eg-forteljarar i kvar sine kapittel.

Båten Bluenose legg ut frå Canada, og dette er eit høgteknologisk, nybygd skip. Ikkje lenge etter avreise begynner ting å hende. Hamna dei forlét i Halifax, blir invadert, og Eira oppdagar at eit skip følgjer etter dei, sjølv om det ikkje viser på radaren. Ingen trur ho. Båten får ikkje legge til på Island, og dei drar til Jan Mayen. Her arbeider ein kamerat av faren til Eira på eit laboratorium. Men dei får ikkje treffe han. Eira og Jamal lurer seg inn på kontrollrommet, men forstår ikkje alt som skjer. Kva er det eigentleg som går føre seg?

Kva tyder alt dette dei har sett? Og kven kan dei stole på? Ein dag flyg ein drone over skipet. Dei oppdagar krigsskip rundt seg, og det blir skotveksling. Samstundes blæs det opp til orkan. Korleis skal mannskapet om bord og Eira og Jamal takle alt dette?

Dette er ei svært spennande og handlingsmetta forteljing, men ho kan vere litt for skummel og skremmande for ein niåring. Boka passar truleg best frå sjuandeklasse og opp. Sjølv om historia er lagd til framtida, er det mykje som minner om verda slik ho er nå. Og den unge lesaren som uroar seg for krig og klimakriser, kan ha bruk for ein vaksen å lese saman med eller snakke med.

Intervju med forfattaren
I spenningsserien Overleve blir vi tatt med til ei nær framtid der menneska er utryddingstruga. I dette intervjuet fortel forfattar Tor Arve Røssland om serien.

Fleire boktips

ungdomsbøker
ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12