Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Solveig Blindheim Bendixen: Den mystiske krukka

Opplegg til boka:
Nynorsksenteret.no:
Undervisningsopplegg til Den mystiske krukka

Tore har eit ønske som er større enn noko anna ønske, og det er å få pengar nok til å kjøpe seg eit telt. For om han får seg eit telt, er det kanskje eit håp om at han også kan få vere med Preben og gjengen på telttur i skogen.  

Foreldra til Tore er skilde, og Tore bur saman med mora si. Faren til Tore bur i Bergen i lag med den nye kjærasten sin, Britt. Tore likar ikkje Britt, og han tenker at om ho hadde vore ein fugl, måtte ho ha vore ein gauk. For gaukar stel andre fuglar sine reir, akkurat slik Britt stal faren til Tore vekk frå dei. I tillegg er ho heilt ko-ko. 

Mora til Tore har vaskejobb og vaskar mellom anna huset til den gamle politimeisteren. Han er blitt gammal og skrøpeleg til beins, og skal snart flytte til aldersbustadane ved sjukeheimen. I arbeidet med å tømme huset han bur i, får mora til Tore med seg ei gammal krukke heim. Mora tykkjer ikkje noko om krukka, som ho meiner er forferdeleg stygg. Kanskje ho kan selje krukka på Finn for eit par hundrelappar? Tore, som elskar riddararar og borger, synest det er spennande med alle dei ulike våpenskjolda og figurane som er avbilda på krukka, og han vil gjerne kjøpe krukka for 200 kroner. Tenk om krukka er skikkeleg gammal? Kanskje frå mellomalderen? Det hadde vore heilt fantastisk kult. Tore vil vise krukka til Preben, og tek med krukka på skulen. Kanskje Preben vil vere med Tore viss han oppdagar at Tore har ei så kul og gammal krukke? Men Preben ser ikkje ut til å vere veldig interessert. Gabriel, derimot, han tykkjer krukka er spennande. Tore veit ikkje så mykje om Gabriel, men han veit at han er oppteken av gamle dagar. Gabriel meiner Tore må prøve å finne ut meir om denne krukka, og han oppfordrar Tore til å høyre med politimeisteren, som igjen tipsar om at Nasjonalmuseet i Skotland kanskje kan hjelpe han.  

Tore tenker stadig på teltet han så gjerne skulle hatt, og dersom krukka er gammal, kan han kanskje selje ho til ein antikvitetsbutikk og bruke pengane på eit telt? På besøk hos faren i Bergen oppsøker han ein antikvitetsbutikk, men får ei ekkel kjensle med det same han går inn. Mannen i butikken vil kjøpe krukka for 2000 kroner, men er han eigentleg til å stole på? Når foreldra til Tore får vite at han har blitt tilbode pengar for krukka, blir dei brått interesserte i krukka dei og. Faren meiner han han krav på halvparten av pengane, men mora meiner det er hennar krukke, og at ho skal ha pengane. Tenk om Nasjonalmuseet i Skotland faktisk veit noko om verdien. Men har dei gløymt at krukka faktisk er Tore si? Kan han ikkje stole på sine eigne foreldre eingong? Og tenkjer dei berre på pengane? Korleis skal Tore klare å få kontrollen på krukka si igjen, og kan ikkje foreldra berre slutte å krangle? Det beste hadde vore om krukka berre hadde vorte borte. Tore vil berre gi opp, men så dukkar det opp hjelp frå uventa hald … 

Den mystiske krukka er ei spennande bok som passar bra som høgtlesingsbok. Skrifta er stor, noko som gjer at boka også kan passe for unge elevar som ønskjer å lese sjølve. Det er ingen bilete i boka, men historia er så spennande at lesaren lett kan lage sine eigne bilete i fantasien. Boka passar for barn på barneskulen, og er ei bok som vil fenge både gutar og jenter. Boka er innom mange tema og område, som vennskap, skilde foreldre, pengar, fuglar og mellomalderen. Dette er ei god bok som får med seg lesaren frå første stund.   

Fleire boktips

6–9
9–12
6–9
9–12