Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Ida Eva Neverdahl: Sjå på Bård!

I boka Sjå på Bård! møter vi Amika, som elskar å vere ute. No har han fått eit nytt rullebrett som han gler seg til å prøve. Akkurat i det han skal til å springe ut døra, står mora hans der og minner han på at det er hans ansvar å gå på tur med hunden, som heiter Bård. Å gå tur med hunden er noko av det kjedelegaste Amika veit. Han veit likevel at han må gjere det, og tek rullebrettet under eine armen og held bandet til Bård i den andre.

På lufteturen passerer dei skatebana, og Amika klarer ikkje motstå freistinga. Han berre prøve brettet! «Vent her, Bård!» seier Amika til Bård medan han spring for å teste brettet på vegen. Amika prøver og prøver, men det er for vanskeleg. Til slutt gidd han ikkje meir og går tilbake til staden der han gjekk ifrå Bård. Då oppdagar Amika at Bård ikkje er der! Han er borte! Kvar kan han ha teke vegen? Alle moglege tankar fyk gjennom hovudet til Amika, og han ser for seg at Bård har rømt, eller gått seg vill i skogen, blitt teken av romvesen, eller at han har fått seg ein ny familie. Då høyrer han brått ein lyd! Det er jubel og glade rop, og det kjem frå skatebana. Amika spring bort til skatebana, og der får han seg ei skikkeleg overrasking. 

Sjå på Bård! er den første boka om Amika og Bård, og er ein del av Leseland-serien til Samlaget. Boka er på nivå 1. Skifta er stor, og det er lite tekst på kvar side. Boka er full av flotte illustrasjonar, og dei er viktige for handlinga. Neverdahl har laga både tekst og illustrasjon, og har særleg klart å fange sinnstemninga til Amika gjennom ansiktsuttrykka ho gir han på dei ulike teikningane. Sjå på Bård! passar fint for dei yngste elevane som har knekt, eller held på å knekkje, lesekoden.  

Fleire boktips

6–9
9–12
6–9
9–12