Ida Eva Neverdahl: Skatehunden

Bård er ikkje som andre hundar, for Bård er kjempeflink til å skate. Amika og Bård er ofte ute og triksar på rullebretta sine, og ein dag møter dei ei dame. Dama kjenner att Bård, og spør om han vil vere med i ein skate-konkurranse for hundar som skal vere om ei veke.

Det har Bård kjempelyst til, og sidan Bård har lært seg eit nytt triks, vil det vere supert for han å vise det fram i konkurransen. Men på konkurransedagen kjenner Amika at han blir veldig nervøs. Bård, derimot, er roleg. Det er mange hundar som skal vere med i konkurransen, og alle hundane er forskjellige. Den store premien i konkurransen er ei diger bøtte full av kjøtbein! For dei aller fleste hundar ville dette vore ein skikkeleg flott premie, men ikkje for Bård. For Bård liker ikkje kjøtbein. Han vil heller ha banan. Så korleis skal dette gå?  

Skatehunden er den andre boka om Amika og hunden Bård, og høyrer til i Leseland-serien til Samlaget. Boka er på nivå 1. Skrifta er stor, og det er lite tekst på kvar side. Teikningane er flotte og fargerike og er ein viktig del av historia. Boka passar for ferske lesarar som har lyst til å øve seg på å lese sjølv.  

Utdrag frå boka: