Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Randi Fuglehaug: Tonedød

Marta Tverberg er ein verdskjent musikar, og nå har ho komponert eit tingingsverk for Vossa Jazz der ho sjølv speler tenorsaksofon. Den aldrande jazzdivaa er ei omdiskutert dame, og det har tatt lang tid før ho blei spurt om å spele i heimbygda. Då applausen kjem, reiser ho seg, grip mikrofonen og seier: «For ein gjeng med forbanna idiotar de er». Etter eit oppgjer med folk i bygda, fell ho om på scenen.

I salen sit Agnes Tveit som held på å skrive ein biografi om Marta. Hauki Thorsson, mannen til Marta, er også der, det same er den nye festivalsjefen Alexander Kosanovic som var kjæraste med Agnes i ungdomstida, og VG-journalist Åkervold som Agnes hadde eit eventyr med sommaren før. Heldigvis er det også ein lege i salen, Tobias Løken, og han prøver gjenoppliving av Marta.

Kva skal Agnes gjere nå når intervjuobjektet hennar døyr før boka er ferdig? Ho har mange lydopptak med Marta, og då ho får vite av barndomsvennen Viktor som arbeider i politiet, at legen også er død, bestemmer ho seg for å halde fram. Agnes begynner sine eigne undersøkingar av kva som har hendt, ho meiner ho skuldar Marta det. Det første ho avdekker, er at ingen likte Marta. Agnes er pågåande og nøler ikkje med å ringe til folk midt i påska, eller låse seg inn stader ho ikkje skal vere. Jo meir ho finn ut, dess farlegare blir det for ho sjølv. Samstundes rotar ho det til med privatlivet sitt.

Dei to dødsfalla skjedde palmelaurdag, og vi følgjer Agnes og gravinga hennar dei neste dagane fram til 2. påskedag. Dei mange lause trådane skal vise seg å ha meir samanheng enn Agnes først trudde, her er det fleire som har mange og ulike svin på skogen. Dei har også samband med kvarandre, som slektningar, musikarar, barndomsvennar eller uvennar, og mange kan ha motiv for drapa. Om det verkeleg er mord, då?

Randi Fuglehaug skriv godt, og har laga ei intrikat forteljing der ikkje brikkene fell på plass før på dei siste sidene. Når vi trur at noko er oppklart, oppstår nye forviklingar. Denne kriminalromanen har alle dei ingrediensane ein ventar seg: ei (anti-)heltinne, løgn og bedrag, alkohol og narkotika, mistenksamheit, utpressing, gode vennskap, kjærleik og sex. Dette er den andre boka om Agnes Tveit, og eit frittståande framhald av Fallesjuke (2020).

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker