Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Christian Wiik Gjerde og Ingunn Thon: Oppdrag Romvesen. (5 episodar)

Oppdrag Romvesen er ein digital/nedlastbar lydbokserie som er inndelt i episodar. Det er viktig å høyre episodane i rekkefølge slik at ein får gangen i historia. Serien består av 5 lydbøker/episodar, der kvar lydbok varer mellom 13 og 15 minutt. Den første episoden har fått namnet «Dei nye naboane», episode 2 heiter «Første skoledag», nummer 3 er «Akvariet», nummer 4 «Overnatting», og den femte heiter «Musikktimen». 

Det er forfattarane sjølve som les, og dei gjer det med stor innleving. Dei ulike karakterane i lydboka vert presenterte gjennom ulike dialekter og stemmer, og det vert gjort med stor overtyding. Lydboka er stappfull av lydeffektar og bakgrunnsmusikk, noko som gjer ho ekstra levande. Historia er spennande og morosam og passar for barnehagebarn og dei yngste elevane på skulen.  

Handlinga i serien er lagd til ein stad i Noreg, og hovudpersonane er Jakob og Ramona. Det vil seie, Ramona heiter eigentleg ikkje Ramona, men det er det namnet Jakob har gitt henne. Ramona heiter eigentleg noko som er uråd å skjøne, og namnet er berre ein haug med lydar som skjer og gneg i øyra. Ramona er nemleg ikkje eit menneske, eller «jordbuar», som ho seier, men eit romvesen. Og no er ho og familien komne til jorda for å leve som menneske. Statsministeren i Noreg har gitt Jakob i oppdrag å vere fadder for Ramona, og han fortel at dette er eit prøveprosjekt mellom Noreg og Universet. Ingen, absolutt ingen, må få vite at Ramona er eit romvesen. Og klarer Jakob jobben, vil han få ein stor pengesum i betaling. Men korleis skal Jakob klare dette oppdraget? Kan han og Ramona klare å halde det skjult at ho er eit romvesen, og korleis skal Jakob klare å lære Ramona korleis eit menneske oppfører seg eller snakkar? Utfordringane står i kø, og lyttarane får bli med på eit spennande oppdrag. Det er berre å gle seg! 

Episodane er passe lange, og er spennande frå start til slutt. Og ein berre finne ut kva som skjer vidare med Jakob og Ramona. Foreløpig er det berre 5 episodar i serien, men slutten legg opp til at det skal kome fleire. Og rykta seier at det vil kome 5 episodar til, så då får vi vente i spenning.  

Fleire boktips

6–9
9–12
3–6
6–9