Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Ingunn Røyset: Perfekt

Perfekt er ein roman for 7.–10. trinnet. Her møter vi Pia med kallenamnet Peanøtt. Pia bur heime saman med far sin. Mora har flytta til Oslo for å arbeide som sekretær for ein minister på stortinget, og er sjeldan heime. Det er noko einsamt og sørgjeleg over heimen til Pia. Mor har reist for å få miljøbyte og karrierevekst, og Pia opplever faren som energilaus og fjern.

Pia ser seg ikkje som ein av dei kule og anerkjende på ungdomsskulen. Ho har kort hår og tannregulering. Ho opplever seg sjølv som lita og spinkel, usynleg og trist. På skulen blir ho stadig møtt med krenkingar både av jamaldringar og lærarar, og ho byrjar å slite med negative tankar og kjensler som ho ikkje klarer å kontrollere, og som gjer henne redd.  

Nathalie er bestevenninna til Pia. I alle fall har ho vore det til no. Nathalie opplever seg sjølv som overvektig. Ho bestemmer seg for å ta opp kampen om å bli kåra til årets dronning på juleballet. Dette er ein tittel dei tilsynelatande mest populære jentene i klassen meiner å eige. Det blir ein kamp som går på helsa laus, og som også Pia blir vikla inn i. Makthierarkiet blant jentene i klassen er hjarterått, og boka skildrar lærarar som ikkje er tydelege og trygge for ungdomane.  

For meg er høgdepunktet i boka relasjonen og visdomen Pia får av den eldre naboen Johannes. Tilfeldigvis blir desse to til støtte og glede for kvarandre. Trøorgelet til Johannes hjelper Pia med ei krevjande samspeloppgåve i musikkfaget. Å meistre instrumentet og oppgåva viser Pia at mykje er mogleg når ein står på og har noko og nokon å støtte seg til. Meistring gir også ferdigheiter som gir sjølvkjensle og blir lagde positivt merke til av andre. For Pia er det ønskeleg å bli lagt positivt merke til av jamaldringen Leo.  

I møte med Pia, Nathalie og den eldre Johannes legg forfattaren vekt på mental helse. Dette gjennom å synleggjere angstanfall, arbeid med sorg, spisevegring og å finne noko som gir meining i tilværet. Johannes oppmuntrar Pia til å våge å drøyme, vere synleg og å delta i det som skjer.  

Vennskap, mobbing og forelsking er skildra i boka. Romanen viser at å vere til stades for kvarandre og skape sunne og likeverdige relasjonar blant jamaldringar og på tvers av generasjonar og profesjonar, er viktig for folkehelse og livsmeistring. Boka syner også at ein er sterkare enn ein trur, at samhandling og empati gjer sterkast, og at ein kan kome styrkt ut og kjenne livsglede etter kriser. Mental helse er noko alle har. Med kunnskap og innsikt kan vi få eit sunnare samfunn.  

Boka er gitt ut på forlaget Vigmostad Bjørke, som kunne gjort ein betre jobb med korrekturen.

Kategoriar

Fleire boktips

ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12
ungdomsbøker