Maren Uthaug: Og sånn blei det

Sitatet «Det er vanskeleg å komme heim når ein ikkje høyrer til» seier mykje om tematikken i denne romanen. Risten blir fødd i 1975 i Sápmi av ei samisk mor, Rhitta, og ein norsk far, Knut. Dei bur saman med Áhkku som ikkje liker at Rhitta har gifta seg med ein nordmann, og ho snakkar ikkje til han. Risten snakkar mykje med Áhkku som er full av forteljingar, både om underjordiske og stalloar. Den beste måten å halde dei unna på er å gå med sølv på seg, får ho vite. Áhkku snakkar med Læstadius og lærer også Risten kvenske bøner. Rihtta på si side seier at verken Gud eller stallo finst. Dermed er det duka for mange diskusjonar i heimen, og forholdet mellom Rhitta og Knut blir meir og meir anspent. Risten er flink til å teikne, og det blir hennar flukt frå kvardagen.

Ein dag dukkar danske Grethe opp og spør om ho kan kome inn og sjå korleis ein samisk familie lever. Knut og Risten blir med Grethe tilbake til Danmark, på det som Risten blir fortalt er ein ferie. Men det er det ikkje. Vi får også antyda at Risten treng å komme seg i sikkerheit. Nå følgjer nokre vanskelege år. Risten synest det er vanskeleg å snakke dansk, og ho kjenner angst for dei underjordiske, men er tryggare fordi ho har ein sølvring. Grethe insisterer på å vere mor, at Risten skal bli til Kirsten, og at det er ho som skal ta vare på sølvringen. Etter dette søv Risten dårleg om nettene. Knut forstår ikkje korleis det ligg an, han er berre glad for livet med Grethe.

Samstundes som historia om oppveksten til Risten tar form, får vi også høyre om hendingar i romanens nåtid, der Kirsten er vaksen og planlegg ei reise nordover for å besøke Rhitta saman med sonen sin, Rod. Dei har ikkje hatt kontakt sidan Risten og Knut flytta. Men Kirsten har stadig lurt på kvifor den biologiske mora ikkje har tatt kontakt, og ho har sjølv blitt meir oppteken av den samiske bakgrunnen sin.

Rhitta har blitt gammal og tannlaus og Áhkku er død, men romsterer i huset likevel. Den andre slektningen Kirsten treffer, er onkelen Isak. Han er læstadianarpredikant og Rhittas rake motsetnad. Han veit at Kirsten er god til å teikne, og ber ho om å lage teikningar til ei bok han skriv om Læstadius. Det vil ho gjerne.

Ho er ikkje meir enn komen attende til Danmark før Isak ringer og seier at Rihtta er død. Rihtta hadde ikkje fortalt at ho var sjuk. Kirsten drar nordover igjen til gravferda og blir buande aleine i huset. Nokre minne frå då ho var barn, og ei eske med teikningar dukkar opp, men her er også noko som ikkje stemmer. Kvifor er det ingen som vil fortelje?

Maren Uthaug er ein god historieforteljar, det viste ho også i Der det finst fuglar. Og igjen viser ho at familie og familieforholda ikkje er slik dei gjev seg ut for å vere. Korleis kan ein då finne ut av kven ein eigentleg er? Det kan vere ganske tilfeldig at ting blir sånn dei blir. Romanen er omsett frå dansk av Ingvild Holvik.

Utdrag frå boka: