Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Åse-Marie Nesse: Lyslandet

Dikt i utval 1970–2000

Åse-Marie Nesse var lyrikar, gjendiktar og universitetslærar. Ho var ein kjend omsetjar og gjendiktar då ho debuterte som lyrikar i 1970. Nesse var ein lærd og engasjert formidlar av humanistisk danning og litteratur frå andre kulturar og ein aktiv menneskerettsforkjempar.

Nesse hadde «Ein plass for poesi» i og ved skrivestova på Jæren, og var ein folkekjær lyrikar. Ho henta inspirasjon frå alt frå religiøse tekstar, mytologi og klassisk europeisk litteratur til reiser i verda og verdslitteraturen – og sjølve livet. Nesse var ein ordkunstnar som baud på humoristisk leik med ord og vendingar, både på nynorsk og bokmål. Språket hennar talte til sansane og intellektet, og ho klarte å sette ord på det vi opplever og leitar etter ord for.

Gjennom dikta formidla Nesse det menneskelege og tidlause. Trua på mennesket og det gode i mennesket går som ein raud tråd gjennom diktinga. Sjølv i dikt om sjukdom, tap, sorg og sakn glimtar det av optimisme, livsglede og inspirasjon til å vere medmenneske for kvarandre. I denne diktsamlinga vil ein finne dei kjende dikta «Viljen» og «Legg ikkje ditt liv i mi hand» og mange andre dikt til trøyst, oppmuntring, glede og ettertanke.

Diktsamlinga eignar seg i utdrag eller heilskap for unge vaksne frå vidaregåande opplæring til høgare utdanning, og innanfor arbeid med dei tverrfaglege temaa folkehelse og livsmeistring, og demokrati og medborgarskap.

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker