Line Nagell Ylvisåker: Foxi – sledehunden ingen ville ha

Dette er ei forteljing om polarhunden Foxi. Det er også ei forteljing om kjærleik, tillit, det spesielle forholdet som kan vere mellom hund og menneske, hundekøyring, sledehundar og sledehundløpet Iditarod. Mest handlar boka om at vesle Foxi blir sett på prøve.

Boka er skriven av Line Nagell Ylvisåker (f. 1982) som har budd i Longyearbyen sidan 2005. Ho er utdanna journalist og har også skrive boka Verda mi smeltar. Å leve med klimaendringar på Svalbard.

I boka får vi følgje Foxi gjennom livet. Då ho blei fødd på Svalbard, åt ho dårleg og var lita og svak. Eigaren, hundekøyraren Tommy Jordbrudal, tenkte at han ikkje kunne bruke Foxi som sledehund, og ønskte å gi bort Foxi. Men ingen ville ha henne, og Tommy valde å behalde hunden sin.

Nokre år etter skulle Tommy delta det lange og krevjande hundeløpet Iditarod i Alaska. Men før start vart heile tre av hundane som kunne leie hundespannet, sette ut av spel. Tommy måtte då sette inn vesle Foxi, som då var fire år. Korleis kom det til å gå å sette Foxi fremst i hundespannet, utan at ho hadde trena på det? Foxi skulle springe 1570 kilometer gjennom villmarka i Alaska, frå Anchorage i sør til Nome i nord. Det er nesten like langt som Noreg på langs. Som leiarhund var det hennar jobb å finne fram gjennom skog, over høge fjellpass, islagde elvar, sjøis og stormar.

Det synte seg at Foxi var både klok og modig, og ho voks med utfordringane. Ho vart den beste leiarhunden Tommy nokon gong hadde hatt. Liten, men god som gull – og evig trufast mot Tommy.

Då boka er skriven, er Foxi ei gammal dame. Ho bur framleis i hundegarden hos Tommy og familien i Bolterdalen utanfor Longyearbyen på Svalbard. Gjestar blir overraska når Tommy presenterer dei for sjefen i hundegarden. Foxi, den minste og klokaste hunden av alle.

Dette er varm og spennande sakprosa på 95 sider, som høver for målgruppa mellomtrinnet. Boka har nydelege og forklarande fotografi og illustrasjonar, og ein innbydande og tydeleg layout. Forfattaren har gjort eit grundig arbeid med intervju, forsking på hundar og hundekøyring, filmar og fotografi, og ho har lese aviser, resultatlister, sett bilete og video. Ho har sjølv sett korleis Foxi kommuniserer med menneske og dyr.

Boka kan høve i arbeid med dei tverrfaglege temaa berekraft, folkehelse og livsmeistring. Ho eignar seg også innanfor nynorskdidaktikk og naturfag. Eg vil verkeleg tilrå å bruke denne boka med elevar og i klassen. Ho egnar seg særs godt til høgtlesing med ro. Hugs å vise bileta og illustrasjonane til elevane. Dette er ei bok som bør vere på skulebiblioteket!