Slutten på historia: nye nynorske noveller

Fleire av novellene i Slutten på historia er prega av at hovudpersonane kjenner på ei indre uro, at dei ikkje veit kvar dei er eller høyrer til, eller kva dei skal gjere i situasjonen dei er i. Vi møter også kjenslene av å vere forvirra og ha uklare minne, å vere einsam og kontaktsøkande. Elles er novellene ganske ulike, både i tematikk og i lengde.

Dei ni novellene er skrivne av Frode Grytten, Gaute M. Sortland, Mette Karlsvik, Mads Rage, Siv Østrem Peersen, Kjersti Rorgemoen, Siri Økland og Endre Tveit. I tillegg til desse forfattarane er også debutanten Therese Bakkevoll med.

Fire av novellene har ein eg-forteljar. Eg-et i Frode Gryttens «Slutten på historia» arbeider på ein skrivefabrikk, der dei ulike arbeidarane har ansvar for ulike delar av ein litterær tekst. Det er sikringssystem på jobben for å hindre at dei som arbeider der, tar manus med seg ut. Eg-et har ansvaret for skrive sluttane. Han har fått ei historie i retur fordi det skulle vere ein slutt som løyste alle problem. K. er flink med titlar, men nå er K. borte. Eg-et skriv på ein skrivemaskin om kveldane for å halde K. levande gjennom dikta han skriv. På slutten av historia køyrer eg-et vestover i bil, der ho ringer og spør kvar han er. Denne novella har gitt namn til heile samlinga.

To av novellene har ein hovudperson med namn. Therese Bakkevoll har skrive om Georg som arbeider på ein astronautbase i Bajkonur i Kazakhstan. Her er han aleine, og stoppar ut eit ekorn som han vil gje til Valentina når han er ferdig med året på basen. I mellomtida er den einaste han snakkar med, Irina, ho som vaskar på basen. Irina får pengar av han og spør om ho kan flytte inn.

I den korte novella «Fuglen» av Siri Økland møter vi ho som har ei skjor liggande på badet. Dottera hennar har berga ho frå ein katt. Men sidan skjora berre sit og drit, så har dottera mista interessa. Mora lurer på kva ho skal gjere med fuglen, ho finn fram steikepanne og skjerefjøl, og puttar skjora i ein plastikkpose. No må ho treffe på første slaget.

Utdrag frå boka