Kristin Auestad Danielsen: Du er bonde

Eit eg vi aldri får vite namnet på, fortel denne historia om eg-et og eit du, og handlinga går føre seg i Gjesdal kommune. Eg og du har mykje felles, dei er fødde på same dag og døypte i det same vatnet. Og dei er begge odelsjenter til kvar sin gard som stammar frå kvar si ætt langt tilbake i tid, fjellfolket og skogfolket. Begge to tenker på at dei for all del ikkje må bli gravide.

Eg-et har kjensla av å høyre til og ikkje høyre til samtidig. Ho kjenner eit slektskap med garden, sjølv om ho ikkje vil drive mjølkegard, ikkje drive med sau eller dyrke jorda. Ho liker kua Dagros og store tre. Rolla som ung odelsjente er utfordrande, fordi faren hennar meiner at fetteren, som likar å køyre traktor, heller burde ha overtatt. Han meiner ho er udugeleg, og kallar ho for stiklingen. Du-et har ikkje færre enn fire småbrør som ho har fått høyre ho tar odelsretten frå.  Men det er også utfordrande fordi dei som unge jenter ikkje blir rekna med i grunneigarlaget i bygda. Likevel veit eg-et godt at ho slett ikkje er ei byjente.

Bygda er oppteken av tradisjonar, at jorda og mjølkeproduksjonen skal haldast i hevd. Ein forventar at gardbrukaren har god fysisk og psykisk helse, ei god kone og mange ungar. Og slik ligg det jo ikkje an til å bli.

Eg-et drøymer mykje, rare draumar om du-et og om bygda. Ei natt synest ho engelen Gabriel kjem og seier at ho skal plante nøtter og tre, og dei skal vere barna hennar. Ho er fødd med nøtter i magen, ikkje egg. Ho plantar alle nøttene i måneskinn, og dei veks i rekordfart. Brått er jorda hennar full av kjempestore eiker. Ein annan gong plantar ho 100 nellikar, og dei høyrest ut som eit songkor. Ho tenker at det ho skal gjere, er å drive antidrift, å la naturen få dyra og jorda tilbake.

Eit sitat frå ein samtale mellom ho og faren kan vere typisk for tematikken i boka. Faren seier: «Nei, men det ein er fødd til, det må ein gjere. Ja, men så blei du deprimert, sa eg. Og så lærte du meg aldri ein drit, sa eg. Kva faen har det med saka å gjere? Du kan jo ingenting uansett, du vil berre sjå film og ete chips. Eg smilte. Han hadde jo rett. Han smilte, han òg» (s. 76).

Eg og du har ein tett vennskap, sjølv om dei har ulike innstillingar til gardslivet. Dei ser mange filmar saman og et chips, snakkar om å vere odelsjenter og kva forhold dei vil ha til gutar, og korleis framtida i bygda kan bli. Dei diskuterer Diana som førebilde, og kong Olavs død. Dei kjenner både på stoltheit og skamkjensle overfor situasjonen dei er i, og på «klørne til bygdedyret» (s.142). Historia ender på ein måte som ingen av dei hadde rekna med.

Boka blir omtalt som ein fabel. Det høver på den måten at teksten ironiserer over odelsretten, tradisjonen og bygdedyret, og er pessimistisk med tanke på framtida for eit moderne landbruk. Men det høver også fordi mykje av det som hender rett og slett er utanfor realitetane. Grensa mellom draum og verkelegheit er absolutt flytande.