Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Mariell Øyre og Borghild Fallberg: Bestefar og Miri

Miri har samla mange skattar. På rommet sitt har ho ei stor settekasse full av skjel, konglar og steinar, og kvar og ein av dei er full av minne. Skattar og minne ho har samla saman med Bestefar, bestevennen hennar. Bestefar seier aldri nei, er ein meister i å lage fuglelydar og tek på seg skulda dersom noko går gale. Men no har doktoren sagt at Bestefar vil få det betre dersom han reiser sørover for vinteren. Det synest Miri er vanskeleg å forstå og å godta. «At Bestefar skal ha det betre nokon annan stad, slår krøll på hjartet til Miri». Kven skal finne på spennande ting saman med Miri no når Bestefar skal vere i Spania heile vinteren? Ti laurdagar skal han vere der nede. Det er lang tid.

««Ungane føler tid meir langsamt enn vaksne, Miri», seier mamma, og tek opp att boka si. Men kva hjelper vel det Miri, ho er jo ein unge akkurat no?»

Tankane om kva som kan skje med Bestefar mens han er i Spania, svirrar rundt i hovudet på Mira. Kanskje får han ein ny bestevenn. Eller kanskje han vert kidnappa eller til og med verdsmeister i «vriåtte».

På rommet til Miri står ein globus, og Miri oppdagar at det ikkje er meir enn éin peikefinger langt til Spania. Det er jo ikkje langt. Og plutseleg får ho ein ide! Ho må reise til Spania og hente han heim! Miri legg ein plan, teiknar og samlar saman alt ho treng, og brukar alle vinterlaurdagane til å skru, lime og sette saman den gode ideen. Når krokusen blomstrar, er ho klar. Men alt går ikkje som planlagt med ideen, og Miri må krype opp i fanget til mamma. Der sit ho og seier at ho saknar Bestefar. Og når mamma seier at ho også saknar Bestefar, vert steinen i magen litt mindre ekkel. Då kan dei sakne Bestefar i lag.

Bestefar og Miri er ei fin bok om vennskap, sakn, det å høyre til og kreativitet. Det er ei biletbok, med nydelege illustrasjonar av Borghild Fallberg. Omslaget på boka er varmt og vakkert, og det innbyr til lesing. Boka er lett skriven og inneheld gode skildringar som er med på å gjere teksten levande. Som til dømes når forfattaren skriv om ein mynt Mira og Bestefar har funne i lag: «Når ho tek på han no, gløder dagen bak augelokka hennar». Eller når Mira held på skattane ho har funne, og det vert skildra slik: «lukta av hav eller skog brusar opp og kitlar ho i nasen».

Mange barn vil kunne kjenne seg att i temaet i boka, og boka kan vere ein god samtalestartar kring temaet vennskap og sakn. I boka kjem det også fram at om ein deler tankar og situasjonar med andre, kan det kjennast litt lettare etterpå. Kanskje er du ikkje den einaste som går rundt og har det vanskeleg eller er trist.

Kategoriar

Fleire boktips

3–6
Frost
3–6
3–6
3–6