Aina Basso: Dei dødsdømde

Ho sa ho var dronning, men dei trudde ikkje på ho. Skotsk-norske dronning Margrete døydde i 1289, berre sju år gamal. Ti år seinare dukka det opp ei kvinne med grått hår som påstod at ho var dronning Margrete og at ho hadde vore bortført. Mange trudde det var sant, men ikkje biskopen og styremaktene. Ho vart brend på bålet i 1301, som den første kvinna me veit om her i landet.

Dei dødsdømde fortel også historia om tenestejenta Sofie Johannesdotter. Først drap ho ei anna tenestejente med gift i teen. Tre år seinare forgifta ho husfrua, og året etter drap ho husbonden. Året etter prøvde ho på det same igjen, men offeret overlevde. No var mistanken så sterk at lika vart gravne opp att, og dei hadde framleis arsenikk i kroppen. 37 år gamle Sofie Johannesdotter vart halshogd i 1876, og ho er den siste kvinna i Noreg som vart avretta.

Over 500 år gjekk frå styremaktene brann den falske dronninga på bålet til dei halshogg hushjelpa som drap tre menneske med arsenikk. Mellom desse to ligg eit halvt tusenår med gjerningar og ugjerningar som vart straffa med dødsstraff. Boka har undertittelen Dødsstraffa i Noreg og historia om nokre av dei som mista livet. Basso drar dei første linjene frå vikingtida, og gir ei oversikt over korleis dødsstraff har vore praktisert i ulike epokar her til lands.

Ein kjem ikkje unna hekseprosessane i ei bok om dødsstraff i Noreg. Basso har skrive to bøker om temaet tidlegare: Inn i elden (historisk roman) og Heksejakt og heksebrenning i Europa (sakprosa). I Dei dødsdømde møter me Anna Absalons, som vart dømd som trollkone og brend på bålet i 1590.

Heksejakt og heksebrenning i Europa

Dei dødsdømde er sakleg og brutal – som temaet krev og fortener. Boka er på litt over 100 sider, med enkelthistorier, relevante fakta og ei samanhengande oppbygging. Fleire av kapitla startar med tragiske hendingar og vert avslutta med ei punktvis oppsummering av fakta.

Aina Basso er historikar og gjer ein grundig kjeldejobb. Ved hjelp av tragiske enkeltskjebnar teiknar ho opp det større biletet rundt dødsstraff. Dødsstraff i Noreg er historie, men mange stader i verda er det samtid. Det siste kapittelet handlar om verda utanfor Noreg. Det er framleis 55 land i verda som bruker dødsstraff. Me lærer kva som er dei vanlege dødsstraffmetodane i dag (henging, halshogging, skyting, elektrokusjon, gift, gassing og steining), og me lærer kven som drep flest folk (Kina). Boka forklarer også kvifor me i Noreg har gått vekk frå dødsstraff.

Boka passar godt for ungdom som vil lære meir om verdas realitetar og brutalitetar.

Utdrag frå boka