Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Helene Guåker: Ein venn som meg

Opplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka

Det er etter haustferien i niande klasse. Sofie, eg-forteljaren, må komme akkurat i rett tid inn i klasserommet, og helst utan at nokon legg merke til ho eller snakkar til ho. Slik har det vore sidan Emilie bestemte seg for at dei ikkje skulle vere venner meir. Det er ingen av dei andre i klassen som alltid går aleine, og Sofie får stadig nedsetjande kommentarar. Sofie går på biblioteket i friminutta, og bruker kreftene på å ikkje vekke merksemd. Ho tel ned dagane til ho er ferdig med ungdomsskolen. 

Men i dag skal det starte ei ny jente i klassen, og den pulten som er ledig, er ved sida av Sofie. Sofie betraktar Carla som kjem inn. Ho verkar veldig sjølvsikker. Det viser seg at Carla bur i same vegen som Sofie, og at ho speler piano og rir, akkurat som Sofie. Sofie får eit håp om at Carla kan like ho før dei andre i klassen får sagt at ho ikkje skal det. Men Carla vil visst gjerne vere saman med Sofie. Sofie er utrygg på om dette vil vare, eller om nokon vil ta Carla frå ho. 

Ein dag stoppar naboguten Lars mopeden og snakkar med Sofie. Han seier at storebroren hans kan ordne med øl viss ho vil ha. Men Sofie forstår ikkje kvifor han stoppar og snakkar med ho, ho kan ikkje tru han kan vere interessert.  

Sofie er ei jente som er utrygg og har lite sjølvtillit. Ho har opplevd så mykje negativt at ho har mista trua på at nokon liker ho. Heime fortel ho ingenting. Sofie tenker og tenker på kvifor Emilie ikkje liker ho lenger, dei var ein gong gode venner. Ho må på død og liv ikkje snakke for mykje eller seie noko dumt.  

Sofie innrømmer at ho er redd for å drite seg ut. Carla utfordrar Sofie til å tenke over kva som er det verste som kan skje, og ho svarar at det ville vere om folk lo av ho. – Men det er jo ikkje så farleg. Du døyr ikkje, seier Carla. 

Noko er annleis med Carla. Ho får lov til alt ho vil, og ho har eigen hest. Men ho har ikkje mobiltelefon, og ho skal ikkje ha konfirmasjonsselskap. Mora hennar seier dei ikkje har råd. Sofie undrar seg over kontrastane mellom dei to heimane. Mora til Carla jobbar på NAV, men er sjukmeldt. Faren sin vil Carla helst ikkje snakke om. Mange gonger høver det at Carla og Sofie er i lag om kveldane og i helgene. Dei lagar pizza saman, drar på klubben saman, ler saman og rir saman, men av og til avlyser Carla i siste liten utan noko særleg forklaring. Sofie forstår ikkje kva som skjer, men etter kvart legg ho fleire ting saman. Vennskapen mellom Carla og Sofie blir sett på prøve då det verkeleg spissar seg til. 

Fleire boktips

ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12
9–12