Kaninen Kamilla og Løva Leonid handlar om at vennskap kan oppstå sjølv om ulikskapane er store. Og om frykt for det ukjende og redsle for å skilja seg ut. Å visa styrke handlar ikkje om å plaga andre. Dessutan er det mykje betre å leika enn å slåst. Det meiner i alle fall Kamilla.
Skribentarkiv: Nynorsksenteret
Anna R. Folkestad: Krabbekrise
Ny bok i serien om Besta og Bo!
Besta og Bo vil vinne konkurransen om å fiske flest krabbar. Men krabbane bit ikkje på. Så gjer Besta noko heilt vilt. I typisk Besta-stil.
Krabbekrise er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.
Bente Bratlund og Odd Henning Skyllingstad: Feriefiasko
Andre bok om Bea!
Sommarferien er rett rundt hjørnet, og alle gler seg til sol og sommar og ferietur. Ida skal til Italia, Ella skal til besteforeldra, og Bea seier ho skal noko hemmeleg. Noko veldig hemmeleg og veldig spennande. Ho må berre finne ut kva det hemmelege spennande kan vere. Og det er ikkje så lett når ferien berre er heime.
Men ein dag skjer det noko. Og det er berre Bea som ser det.
Vegard Markhus: Full fart!
Andre bok om Rine og Ravi
Rine og Ravi gler seg til skitur med klassen. Men Lærar-Knut går altfor fort! Og pausar er for pyser, seier han. Så vil Lærar-Knut ta ein snarveg utanfor løypa. Det skulle han aldri ha gjort.
Full fart! er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.
Leseland. Nivå 2.
Moni Nilsson og Elin Lindell: Påfunn i Paradis
Frå svensk ved Øystein Rosse.
Slatten har ingen å leike med. Det har han nesten aldri. Det er ganske så trist. For om ein ikkje kan å spele fotball, får ein ikkje vere med. Men når det flyttar ei ny jente inn i Paradis blir alt så mykje meir morosamt. Ho heiter Kaka, og har auge som skin som gull. Og ho er glad i å finne på heilt nye ting.
Slik byrjar serien Påfunn i Paradis. Gjennom fem bøker følgjer vi Slatten og Kaka på eventyr i nabolaget.
Bestevener er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Les meir
Per Olav Kaldestad og Hilde Kramer: Dronninga kallar
Har du tenkt på korleis biene lever? I denne boka møter du dei i både gode og vonde dagar.
Per Olav Kaldestads tekst og Hilde Kramers illustrasjonar er tett vovne saman i skildringa av biene si verd.
Same kva som skjer, vil dronninga og arbeidarane gjera alt dei kan for å berga flokken.
Blir du med?
Erna Osland: He-he! Ei bok om den livsviktige latteren
Barn ler 300–400 gonger for dagen. Vaksne berre 10–15 gonger. Mange dyr ler også! Kvifor ler barn så mykje meir enn vaksne? Kan latter gi oss venner? Blir vi snille av å le? Eller friske? Og er det mogleg å le seg i hel? Dette er nokre av dei mange spørsmåla du finn svar på i boka He-he. Det handlar om kor skummel latteren kan vere, men mest av alt kor godt og viktig det er å kunne le.
Boka er illustrert av Per Ragnar Møkleby.
Les meir
Jens Hansegård og Anders Nyberg: Verdas tøffaste dyr
Underhaldande fakta om dyr som lever på verdas mest ekstreme plassar
Jorda er ein fantastisk planet. Her er alt frå glovarme ørkenar til iskalde polar. Her er det fjelltoppar som stikk opp over skyene, og hav som er mange kilometer djupe. Overalt tilpassar dyr seg – og overlever. Det finst insekt som frys til is om vinteren og tinar opp når det blir sommar. Det finst ormar som lever heile livet i nesten kokande vatn. Det finst til og med dyr som kan overleve ute i verdsrommet.
Møt verdas tøffaste dyr!
Jens Hansegård og Anders Nyberg: Verdas mystiske stader
Bli med på ei reise til gåtefulle stader over heile verda!
På ei øy i Stillehavet står det store steinstatuar frå ein tapt sivilisasjon. Djupt nede i ein innsjø lever eit enormt udyr. Midt ute i ein ørken finst ein hemmeleg militærbase der romvesen har landa. Over heile verda er det mysterium. Med lettlesen tekst og detaljerte, spennande og morosame illustrasjonar er dette ei perfekt bok for nybyrjarlesaren og for alle som liker spenning og eventyr!
Jens Hansegård og Anders Nyberg: Verdas rekordbok
Størst! Farlegast! Raskast!
I denne boka er det mengder av spennande og morosame verdsrekordar. Her står jordas eigne rekordar i sentrum – frå stader og naturkrefter til dyr og vekstar: Det høgaste fjellet, det djupaste havet, den største vulkanen og det minste dyret – her er det samla!
Rekordane er imponerande, fortalde med spennande tekstar og illustrasjonar.