Solveig Blindheim Bendixen: Havørna

Dette er bok nummer to om tiåringen Tore, men boka kan også lesast frittståande. Som i Den mystiske krukka inneheld også Havørna fleire trådar som blir fletta saman, til dømes historiske fakta, naturvitskap, relasjonar og andre spennande element.

Maria Parr: Oskar og eg

Gjennom elleve kapittel, passe lange til høgtlesing, følgjer vi Oskar, som er fem år, og storesøstera Ida, som er åtte. Kvart kapittel er ei forteljing i seg sjølv, med illustrasjonar i fargar på nesten alle oppslaga. Boka startar og sluttar med forteljingar om Oskar og Ida heime i det store raude huset som er litt skranglete, men som det lyser gult og koseleg frå om kvelden.

Line Dybedal og Line Renslebråten: Eit hjarte til jul

Mamma til Nora ligg på sjukehuset og ventar. Ho må få eit nytt hjarte for å bli frisk og igjen kunne løfte og svinge rundt på Nora. I tillegg er det snart jul. Pappa og farmor prøver å gjere vanlege og kjekke ting i lag med Nora, slik at ikkje alt skal vere så rart og annleis i år. Likevel er det mykje å tenkje på medan dei ventar på telefonen frå sjukehuset om at eit nytt hjarte er på veg. Kva om mamma sine kjensler for Nora sit i hjartet? Kva skjer då når ho får eit nytt eitt?

Olla Rypdal: Mysteriet ved Hangmanʼs Hill

Som tittelen tyder på, er dette ei spennande forteljing med røter i England. Vi får møte Anna og vennene Siri og Erik, som hjelper til med opprydding i det gamle feriehuset på Vargholmen. Der finn dei eit uskarpt, gammalt svart-kvittfotografi av eit landskap, eit stup ved ei klippe. Bak på biletet står det Hangmanʼs Hill, og dei vert nysgjerrige på å finne ut meir om staden og bakgrunnen for biletet.

Vegard Markhus: Kunst og hærverk

Rine og Ravi vil lage noko fint i kunst og handverk-timen. Men Lærar-Knut har som vanleg andre planar. Han vil heller at dei skal ha kunst og hærverk. Kunst skal vere stygg, folk skal seie huff!, meiner han. Han tek med elevane og ein boks med tusjar bort til den kvite, blanke bilen på parkeringsplassen og set i gang. Kva skjer når Gymlærar Gyda oppdagar dei?

Anna R. Folkestad: Byggebøll

Dette er den fjerde boka om Besta og Bo, men alle bøkene kan lesast uavhengig av kvarandre. I Byggebøll møter vi først Besten og Bo, som byggjer hytte saman. Dei brukar hammar og spikar, og hytta blir rett så solid. Så kjem Besta, som vanleg full av idéar. Ho går i gang med å byggje ei hytte oppe i treet, for ho meiner det er mykje betre.

Tetiana Kosovska: I skogen

I skogen er ei vrimlebok med handteikna, detaljrike illustrasjonar. Her er det mykje å snakke om på kvart oppslag. Figurane går att fleire stader, og det gjer at lesaren blir kjend med dei. Vi får sjå morosame møte og dikte fantasifulle forteljingar sjølv, sidan boka er heilt utan tekst. Boka har kartongblad og passar like godt i tursekken som i lesekroken i barnehagen.

Kari Stai: Passe happy

Passe happy handlar om Juri, som synest Sofi er så fin at han mistar pusten. Han er usikker på seg sjølv, og i alle fall heilt blank når det kjem til forelsking og kyssing, tenkjer han. Det er berre saman med venninna Evy at han kan vere seg sjølv.

Martine Grande: Ørn

Sam er ein forsiktig gut som likar aller best å vere i lag med den gule undulaten sin, Ørn. Heime kjenner han seg trygg, og saman med Ørn er det aldri kjedeleg å vere inne.

Olla Rypdal: Klokkemakar Alfreds mysterium

Bakpå denne boka har forfattaren skrive at boka rettar seg mot 8–12-åringar, men at ho høver for alle generasjonar som set pris på ei god historie. Det er ei treffande skildring, for det er ei god historie, med røter attende til klokkemakaren til franske dronning Marie-Antoinette på 1700-talet.

Bokbussen

Bokbussen inneheld til saman 160 nyskrivne småbøker til støtte i leseopplæringa.

Frode Grytten og Mari Kanstad Johnsen: Leggetid

Det er leggjetid, men jenta vil at pappa skal lese meir. Berre ei bok til før ho legg seg! Ho skulle ønskje at nokon kunne skrive ei bok om henne. Saman diktar dei to opp boka om jenta.

Trude Tjensvold: Bålet

Dyra i skogen ser fram til jonsokfeiringa, og beveren Bella planlegg eit ekstra stort og flott bål i år. Sjølv bur ho i hytta i dammen, eit lite stykke frå beitet i skogen. Bella elskar sommar med bading og bålbygging. Men ho er ikkje særleg glad for at bydyra kvart år kjem for å beite i skogen.

Anders Totland: Lepra

Lepra er ein frittståande oppfølgjar til Nattmannen og Den norske slavehandelen. I denne boka får vi høyre dramatiske historier frå tida då spedalsksjuka herja i Noreg.