Tor Arve Røssland: Absolutt Pode

Absolutt Pode er ei samlebok om Pode, familien hans og bestekompisen Anton, i høve Tor Arve Røssland sitt 20-årsjubileum som forfattar.

Erna Osland og Camilla Engman: Du og eg

Du og eg handlar litt om ein skummel rev, ein langbeint elg og den store, vinterkledde skogen. Men mest handlar boka om to harar som finn kvarandre, og som finn julefred.

Rotraut Susanne Berner: Leit og finn i Vrimleby

Klassikarane med dei detaljrike teikningane av alt som skjer i Vrimleby, er tilbake. Teikningane er dei same som før, men nytt i denne utgåva er eit felt nedst på oppslaga med nokre av teikningane og orda attmed.

Atle Berge og Henning Lystad: Robot-Birk

Vi kjenner att gutane frå dei første bøkene om Barcelona-gjengen. Denne forteljinga startar med eit dramatisk fall som endar med sjukehusopphald for Birk. Både han og resten av fotballaget synest det er heilt forferdeleg.

Sigri Sandberg: Mørke. Stjerner, redsel og fem netter på Finse

Sigri Sandberg har alltid vore mørkredd. Ho dreg åleine til ei veglaus hytte på Finse vinterstid for å finne ut meir om mørket og eigen redsel. I boka reflekterer Sigri rundt kjenslene som endrar seg etter som dagslyset kjem og fer og kjem igjen, dei fem dagane ho er åleine på hytta.

Blåmann, bok med lyd

Blåmann, bok med lyd inneheld seks nynorske songar: Anne Knutsdotter, Blåmann, blåmann, Eg gjette Tulla, Fager kveldsol smiler, Eg veit ei lita jente og Bind deg ein blomekrans.

Robert Muchamore: Monsterbølgja

James får i oppdrag å vakte familien til den korrupte guvernøren, eit oppdrag han ikkje tykkjer noko om. Samstundes pønskar tidlegare agentkollega Kyle Blueman ut sin eigen uoffisielle og svært farlege plan.

Christian Wiik Gjerde: Jul på Bukken hotell

I Blomholmen by snør det lett 1. desember, men det er likevel ikkje det spor julestemning i byen, synest Fredrik. Han er heime på juleferie frå kostskulen i Sveits, men det viser seg at dei ikkje kan bu heime på mange månader. No er han og foreldra på veg til eit hotell, der dei skal bu medan det er folk i huset deira som ordnar opp i vasslekkasjen og museinvasjonen. På veg til hotellet opnar Fredrik ein konvolutt som er adressert til far hans, ordførar Hanzon. Ein mystisk medalje ramlar ut.

Alfred Fidjestøl: Som ein bror. Historia om sjimpansen Julius

«Som ein bror» er ei sakprosabok om sjimpansen Julius, som for førti år sidan måtte bergast ut av flokken i Dyreparken i Kristiansand, og som levde i to menneskefamiliar før han vart tilbakeført til sjimpansane. Det er ei spennande forteljing. Mange barn har sett og helsa på Julius i dyreparken, men boka er like interessant for dei som ikkje kjenner Julius i det heile teke. Boka fungerer både som høgtlesingsbok for dei yngste og som lese-sjølv-bok for dei litt eldre på barneskulen.

Anders Totland: Nattmannen

I fleire hundre år var arbeidet med å rydde etter folk sett på som så ureint at ein aldri kunne bli rein igjen om ein først hadde skitna seg til. Å vere nattmann innebar å vere utstøytt sosialt og å misse æra, like mykje som å gjere tungt og illeluktande arbeid nattestid. I tillegg til å køyre vekk driten og rydde i gatene måtte nattmannen rydde etter bøddelen, flå hestar og tømme nattpotter.

Trude Tjensvold: Vil du ha katt?

Gro og Gunnar finn ein katt i ei kasse. Det heng ein lapp på: Vil du ha katt? Sjølv kan dei ikkje ha katt, sidan mor er så allergisk. Gro og Gunnar må finne ein annan heim til Rusken, og ringjer på til alle i blokka etter tur. Det er allereie mange kjæledyr i blokka deira, men det er ikkje alle som passar like godt saman med pusen. Finn dei ein heim til han til slutt?