Jo Salmson og Jimmy Wallin: Hjelp! Eit spøkelseshus
Tenk om du og klassen din skulle besøkje eit spøkelseshus, ete grøn gugge og høyre om ei skummel spøkelsesslekt. Tenk deg at du i tillegg er veldig redd for spøkelse. Då er det ikkje berre berre. Slik er det for hovudpersonen i denne forteljinga. Skal tru korleis dagen vert?
Lin Hallberg og Jonna Björnstjerna: Den magiske dyrebutikken – Ester lengtar
Ester er ny i byen og kjenner ingen. Utanfor vindauget ser ho ein gut med ein hund, og kjenner at det hadde gjort alt betre om ho hadde hatt eit dyr å vere glad i. Ho finn vegen til Den magiske dyrebutikken. I butikken er det både papegøyar, blekksprut og ein antilope. Kva for eit dyr skal ho velje?
Ester lengtar er ei eventyrleg og magisk lita forteljing om det å få eit dyr.
Lars Mæhle og Monica Egeli: Gjett ordet med Lurivar. Første ord.
Kjenner du Lurivar? Han elskar ord og går gjerne på jakt etter nye ord og formuleringar. I denne boka får lesaren vere med på å leite etter eit ord som Lurivar tenkjer på. Mellom sprelske sprang og lure blikk gir Lurivar stikkord som kan setje lesaren på sporet av svaret.
Malin Hellebø og Camilla Kuhn: Dyras beste sjekketriks
Heile 14 dyr sine sjekketriks vert presenterte i ord og bilete i denne boka, på energisk og humoristisk vis. Både insekt, amfibiar og pattedyr vert skildra, og boka er ein underhaldande og kunnskapsrik inngang til den merkverdige dyreverda.
Anna R. Folkestad: Ulla
Ulla er ei fin og hjartevarm bok om det å vere ein del av ein flokk.
Vegard Markhus: Det runde problemet
Robert kjenner på seg at alt ikkje er slik som det skal vere. Alt er berre rot. Ikkje høyrer han fuglesongen eller vekkarklokka. Ikkje ser han rotet rundt seg eller blåfargen på himmelen. Det er noko viktig som manglar, han kjem berre ikkje på kva det er.
Annika Lundholm Moberg: Raketten
Parva har superfantasi og kjem stadig på nye historier å fortelje eller idéar til prosjekt som kan setjast ut i livet. Det er berre eitt problem: Ho har lyst til å vere venn med Bea, og Bea likar ikkje slikt.
Bente Bratlund og Rui Tenreiro: Kvar er Lurven?
Tore har ein firbeint bestevenn, Lurven. Han er slett ingen rasehund, men for Tore er han den beste og mest verdifulle hunden i verda
Pia Strømstad og Ella K. Okstad: Heksa Galla
Heksa Galla er ei forrykande bok om ei heks utanom det vanlege. Ho hevdar til dømes at ho er fryktlaus, men er eigentleg redd mange ting, som vatn, syngjande monster, tannbørsten sin og mørkeret. Men mest av alt er Galla redd born.
Nancy Øvrehus og Anna Fiske: Randi bur i koffert
Har du høyrt om nokon som bur i koffert? Kanskje nokon som reiser mykje? Tanta til Randi bur i koffert, seier mor, og det får Randi også lyst til å prøve.
Astri Sudmann: Syng og leik i lag
Astri Sudmann har samla 65 songleikar til bruk i barnehage og skule, saman med ungdommar, vaksne og på aldersheimen.
Pia Strømstad og Trond Bredesen: 10 ville ekspedisjonar
Det er ein grunnleggjande menneskeleg lengsel etter å flytte grenser og finne svar. I boka får vi høyre om sju menn og tre kvinner som kvar på sitt område var banebrytande oppdagarar, forskarar eller ekspedisjonsleiarar.
Ruth Lillegraven: Skogen den grøne
Ei samling med 44 dikt for born, med skogen som tema.
Jan-Magnus Bruheim: Trollguten og andre dikt
Jan-Magnus Bruheim var gjennom heile diktarlivet oppteken av å skrive for born. Trollguten er ei samling barnedikt utgjeven i samarbeid mellom Samlaget og Vennelaget Jan-Magnus Bruheim. Dikta er frå 1956–1986 og spenner vidt tematisk. Her er dikt om det å vere barn, om dyr og natur, om troll og skrømt og mykje meir.
Gyrid Axe Øvsteng og Per Ragnar Møkleby: Mørkt
Ein kveld Dag ligg i senga og er redd for mørkeret, får han besøk. Ho liknar ikkje på noko han før har sett, er rask og sterk og held han fast når han prøver å springe sin veg. Natalia heiter ho, og ho vil vere saman med Dag. Så kva skal dei finne på, når Natalia er redd for lyset, redd for å forsvinne i det?