Liv Oddrun Larsen og Henning Lystad: Hjartekrigen
Vilde er forelska i Jakob, men det er det berre Synne som veit om. Jakob er den kjekkaste guten på skulen, og han sit i elevrådet saman med Vilde. Hege er leiar for elevrådet, og ho er ein skikkeleg jentemagnet. Superpopulær og alltid med ein rask replikk på lur. Saman med Hege føler Vilde at ho vert stum og stiv som ein mumie. Og no seier Bjørnar at Hege også er forelska i Jakob – det er ikkje til å halde ut.
Anita Stokke Blomvik: Kvardagsmat
Kvardagsmat inneheld oppskrifter frå matbloggen kvardagsmat.no og eignar seg svært godt både for røynde og ikkje-røynde kokkar. Blomvik vender seg til familiar i tidsklemma og fortel si eiga historie om å gå frå posemat til å bruke ferske råvarer. Ho fortel at det ikkje alltid tek meir tid å lage mat frå botnen av, og at det handlar mykje om vanen. Gode vanar startar gjerne tidleg: Kokeboka inneheld mange oppskrifter som med fordel kan brukast på skulekjøkenet eller på studenthybelen.
Kurt Rutledal: Alfred Bamse bæsjar
Kurt Rutledal har skrive fire bøker om Alfred Bamse og om det dei to finn ut i lag. Denne boka handlar om det som skjer i fordøyelsen, det som hamnar i do, og ferda vidare til septiktanken, septikbilen, reinseanlegget og vidare.
Irene Ahnéll og Elisabeth Moseng: Pling vaken
Har du opplevd å leggje deg utan å få sove? Eller kjenner du deg igjen i å skulle leggje born som slett ikkje er trøytte, og som treng både ekstra vatn, ein ekstra runde på do og å høyre minst ein ekstra god-natt-song før dei sovnar?
Randi Fuglehaug og Nora Brech: Skalla
Skalla gjer det mogleg å snakke om eit vanskeleg tema, men det er også ei bok som inviterer til å leike seg med tanken på at det finst godteriblomstrar, diskodans og vennskap der du kanskje minst ventar det.
Bjørn Sortland og Elisabeth Moseng: Zara og dei. Misse-konkurransen
Dette er den andre boka om Zara og dei, og også denne gongen får vi vennskap, naseblod og akkurat passeleg mykje spenning.
Kari Stai: Jakob og Neikob og Alle Andre
Opplegg til boka: Bok i bruk: Jakob og Neikob – med opplegg, fargeleggingsark og animasjonsfilm. Etter å ha følgt bestevennene som bur i lag på ein bakketopp, gjennom bollebaking, i krokodillemagen, på sambuarleiting og blitt kjent med den nye naboen deira, er det mange som er blitt glade i Jakob og Neikob. I den femte […]
Inngunn Røyset: Fiskelykke
Jonas og Anna gjer seg klare til å fiske frå moloen, men Kvitpus er i vegen og Jonas skubbar han irritert vekk. Han er først letta då mor tek katten med seg til veterinæren; endeleg får han fiske i fred! Men då Anna fortel at ho ein gong hadde ein katt, som faren fekk avliva hos dyrlegen, vert Jonas lei seg og redd. Er det derfor mor har teke med seg Kvitpus til dyrlegen? Får han nokon gong sjå att katten sin?
Håkon Forfod Sønneland: Hundrelappen
Sjølv om ei bok er enkel å lese, vil det ikkje seie at ho også har eit enkelt innhald. Kva skal Odin gjere, når pappa trur at det er han som har stole hundrelappen som låg på bordet, og skjenner og smeller? Odin må prøve å bevise at han er uskuldig.
Ragnfrid Trohaug: Det spøker!
Henrik er på besøk hos Jon då han plutseleg høyrer ein skummel lyd. Kan det vere eit spøkjelse? Henrik får mest lyst til å gå heim, men så kjem far til Jon på ei løysing.
Visste du at …?
Tre nye faktabøker om husdyr er klare, denne gongen om kua, sauen og grisen. Kvar bok har femten oppslag med ei «visste du at»-setning og ein illustrasjon som støttar teksten. Illustratør Anna Fiske har ein særeigen strek og spelar på humor i teikningane sine.
Bente Bratlund: Kidnappa
Vanlegvis er det Bea som kjem med dei fantasifulle forteljingane, men denne gongen er det bestevenninna Oda som har ei nyheit. Korleis kan det ha seg at ho er så annleis enn foreldra sine, lurer Oda på. Einaste forklaringa ho kan sjå, er at ho vart kidnappa då ho var lita, meiner ho.
Anna R. Folkestad: Stupe-Stig
Knut vil fly med drake, men onkel Stig er ikkje så god på drakeflyging. Han vil aller helst vere med i ein stupekonkurranse og vinne ein flott pokal.
Poppeloppane: Hallo, Pippeli! Hallo, Pipp!
Bok nummer to om Poppeloppane er no å finne i hyllene på daglegvarebutikken.
Martine Grande: Tapar
Dyra i skogen konkurrerer stadig mot kvarandre i symjing, klatring og springing. Dovendyret Dag kjem alltid sist, og no er han lei av det. Han vil også ha medalje, og legg seg i hardtrening.