Øyvind Lauvdahl: Ingeniør Knut Berg

Øyvind Lauvdahl: Ingeniør Knut Berg

Øyvind Lauvdahl blæs nytt liv i denne klassiske science fiction-teikneserien. Han har halde på eit visuelt uttrykk som på mange måtar ligg tett på originalen, med 3 x 2 ruter og (nesten) berre to fargar. Samstundes er både streken og tematikken til Lauvdahl tydeleg moderne, og møtet mellom dei tradisjonelle rammene og det moderne uttrykket kjennest friskt, særleg når Lauvdahl har laga ei sopass spanande historie som det her.

Sturla Bang og Hilde K. Kvalvaag: Søsteranarkistane

Gjennom bøkene Under og Over kunne me fylgja barneheimsjenta Ela i opprøret hennar mot direktørpresident Ingmor og det totalitære framtidssamfunnet Zeijang-Volvo. No er dei to bøkene, saman med den nyskrivne sisteboka Ut, samla i boka Søsteranarkistane.

Berenika Kołomycka: På fire bein. Der

Vesle Rev bur for seg sjølv under eit epletre. Der har han det fint. Men ein dag dukkar det opp eit villsvin. Fyrst liker ikkje Vesle Rev å måtta dela kvardagen med Store Villsvin, men litt etter litt veks det fram ein veldig fin venskap mellom dei to.
Denne teikneserien nyttar akvarellar for å fortelja ei lågmælt og koseleg historie om det å vera vener og utforska verda i lag.

Olga Ravn: Dei tilsette

Det er aldri heilt tydeleg kva oppdraget til det sekstusende skipet er, men på eitt eller anna vis utforskar det ein nyoppdaga planet. Objekt frå planeten er tekne om bord på skipet og ser ut til å påverka mannskapet på ulike vis. Men kven av mannskapet er menneske, og kven er menneskeliknande teknologi? Og kva gjer leiinga når det ser ut til å vera eit gryande opprør på gang mellom nokre av dei menneskeliknande?

Ida Eva Neverdahl: Floke 2 – inn i skrømtskogen

Den andre boka om den fredelege vikingguten Floke held fram der bok nummer ein slutta. Floke er saman med ei ku og ein attergangar på ei ferd gjennom skrømtskog, trollfjell og sjølvaste Jotunheimen.

Ida Eva Neverdahl: Floke

Floke, hovudpersonen i den nye teikneserieromanen frå Ida Neverdahl, er ein fredeleg gut. Helst vil han nytta tida si på å spela gitar, dikta songar og vera venleg mot alle. Problemet er berre at han lever i ei valdeleg vikingverd. Ein dag får han eit magisk sverd, og saman med sverdet kjem oppgåva om å hindra ragnarok.

Harald Nortun: Spådama i 7B

Nina kjem flyttande frå Belgia og skal byrja i klasse 7B. Ho kjenner ingen på den nye skulen, og det er difor ei nervøs jente som møter klassen sin for fyrste gong. På grunn av nokre tilfeldige hendingar får ho ord på seg for å kunna sjå inn i framtida, noko mange av dei andre i klassen synest at er spanande.

Maria Parr og Åshild Irgens: Storebror

Den nye boka til Maria Parr er ei lettlesen bok for born som skal lesa sjølve. Skrifta er stor, og alle sidene har fine illustrasjonar av Åshild Irgens. Hovudpersonen i boka skulle ynskja at han hadde ein storebror – ein som var flink i fotball og som kunne passa på han. Sjølv har han berre ei irriterande veslesyster som masar og teiknar i bøkene hans. Men er det alltid best å ha ein storebror? Eller kan det vera like kjekt å faktisk vera ein storebror sjølv?

Harald Nortun: Blå flaggermus

Det er ferie, og Sander og venen Tomas har fått tak i høner for å tena pengar på å selja egg. Men ikkje alt går etter planen denne sumaren. For korleis går det når ein spøk med ketsjupblod fører til elleville forviklingar og utrykking med luftambulansen? Og kva skal Sander gjera når den usympatiske laksemillonæren Håkon er litt for interessert i mora hans? Og kjem Sander til å finna kjærleiken denne ferien? Eller få råd til mobiltelefon?

Anja Dahle Øverbye: Lykketanna

Seks år gamle Torbjørn skal byrja på skulen, og alle spør om han gler seg. Men det gjer han ikkje. Han vil helst ikkje slutta i barnehagen, og han gruar seg til å verta skulegut. Ein dag kjøper mor hans ei dinosaurtann til Torbjørn. Kan tanna vera ei lykketann, skal tru?

Mats Eldøen og Sindre Goksøyr: Viss eg hadde hale

Korleis ville det vore å til dømes ha øyre som ein elefant? Eller å ha hale som ein apekatt? Eller å vera tvikjønna som ein brunsnigel? Slike fabuleringar er utgangspunktet for denne leikne og originale faktaboka for born.

Marianne Gretteberg Engedal: Pølsetjuven

Familien til Kjell er tjuvar, men Kjell har ikkje lyst til å stela ting frå folk. Det einaste han stel, er ting som ingen eig lenger. «Å plukke søppel er ikkje å stele, det er å rydde. Tjuvar ryddar då ikkje», seier mor hans oppgjeven. Det heile toppar seg når venen til Kjell, Pølse-Per, dreg på ferie. Då krev familien at Kjell skal vera med og stele frå huset til pølsefamilien. Men må Kjell vera ein tjuv, berre av di familien hans er tjuvar?

Øystein Runde: Berserk

I 2009 kom Øystein Runde med teikneserien Soga om Olav Sleggja, og etter ni års venting kjem no endeleg bok to i serien. Denne gongen byrjar soga med at Olav Sleggja går i land, hardt skadd, med eit spedbarn på skuldrene og med tarmane halvvegs hengande ut frå eit ope sår i magen. «Denne dagen vert lang. Eller kort», slår han fast på lakonisk vis. Deretter vandrar han rett inn i ein konflikt mellom tre ulike gjengar av berserkar, ein konflikt som kjem til å få eit blodig utfall.