Les nynorsk med Donald Duck

I dette teikneserieheftet har Egmont kombinert den klassiske Carl Barks-forteljinga «Eggemysteriet» (der firkantfolket snakkar ein nynorskvariant dei har lært på 1800-talet av professor Tron Dreyerdal frå Voss) med to nye forteljingar skrivne av Olaf Solstrand. Dei to Solstrand-forteljingane, «Babelfink» og «Dumdristige donasjonar», er båe på nynorsk.

Álvaro Nofuentes: På Grand Manila

Med utgangspunkt i ein roman av Kjartan Fløgstad har den spanske teikneserieskaparen Álvaro Nofuentes laga teikneserien På Grand Manila. Boka kjem no ut på norsk, fint omsett frå spansk til nynorsk av Bente Teigen Gundersen.

Leseland

I januar i år kom det 18 nye lettlesne bøker i serien Leseland.

Asbjørn Rydland: Fredlaus

Med Fredlaus har Asbjørn Rydland skrive det femte og siste kapittelet i serien om Drakeguten. Hovudpersonen, Koll frå Kervad, har utvikla seg på mange vis gjennom dei fem bøkene. Han er no sterkare og meir vaksen, men med større kraft kjem òg større dilemma – og av og til kjem han opp i situasjonar der […]

Øystein Runde og Knut André Solberg: Futen

Mikael Braut er skatteinnkrevjar i ei verd der eventyrskapningar finst. Han skyr ingen middel i det utrøyttelege arbeidet sitt for å få samfunnet til å fylgja reglane, anten han skal krevja inn skatt frå Dovregubben eller forskriftsregulera riva til Pesta.

Terje Sander: Daudmannaland

Daudmannaland skildrar ei dystopisk framtidsverd der himmelen er svart, klasseskilja er store og der giftstormar herjar med jamne mellomrom.

Lene Kaaberbøl: Skammarserien

Dina har arva skammarevna frå mor si, ei evne som gjer at ho, ved å sjå på folk, kan få dei til å skamma seg for og tilstå alt det galne dei har gjort.

Asbjørn Rydland: Kampen om Kervad

Fyrste boka om Drakeguten var ein imponerande debut, der Rydland skildra store mytologiar og små detaljar på eit poetisk vis som til saman skapte eit levande og truverdige univers. Dei neste to bøkene i serien vidareutvikla kvalitetane frå debutboka, og den ferske fjerdeboka, som har fått tittelen Kampen om Kervad, er den beste i serien til no.

Lene Kaaberbøl: Villheks – Fiendeblod

Villheks-serien er spanande bøker for mellomsteget og oppover. Medan utfordringane til Clara i den fyrste boka var å klara seg og verta ei ekte villheks, er det i dei seinare bøkene etter kvart større ting som står på spel.