Kari Smeland: Sirkus Spetakkel

Ni år gamle Ada lever livet på landevegen saman med dei to sirkusonklane sine i det vesle sirkuset Sirkus Spektakulær. Dei har det fint der dei køyrer ikring i den gule campingbilen sin og et smultringar til frukost, men ein dag dukkar den skumle sirkusdirektøren Rottekjeften opp og vil stikka kjeppar i hjula deira.

Sissel Horndal: Historia om alfabetet

Ein gong for lenge sidan var bokstavane ville og budde ute i naturen. Etter eit uvêr fann A ut at han laut søkja tilflukt, og på ferda samla han dei andre bokstavane og tok dei med seg til ei varm og trygg hole.

Marjun S. Kjelnæs: Skriv i sanden

Ti små forteljingar som til saman vert til éi stor – det er utgangspunktet for denne kollektivromanen. Dei ti forteljingane skildrar korleis den same helga er for ti ulike ungdomar i Tórshavn. Historiene er på ulike vis vovne saman, og folk vekslar mellom å vera hovudpersonar og bipersonar.

Lars Mæhle: Landet under isen & Dødeboka

Mange etterlyser nynorske fantasy-bøker for ungdomar. Ein fin stad å byrja kan vera romanen Landet under isen av Lars Mæhle. I boka møter me Leo Rubin, som oppdagar at han er den utvalde som må frigjera verda frå grepet til den svarte munken.

Überviking

Seksten norske serieskaparar har tolka vikingar på kvart sitt vis. Her er alt frå blodig alvor til reinspikka tull og tøys.

Terje Torkildsen: Dystopia IV

I den fjerde og siste boka i Dystopia-serien til Torkildsen har dei fire overlevande ungdomane kome seg bort frå dei flaumråka katastrofeområda. Vegen heim til Noreg vert likevel lang og farefull, og dei fire får oppleva at problema med å vera flyktningar ikkje vert mindre når dei kjem fram til sivilisasjonen.

Øystein Runde: Bjartmann

Bjartmann er ein superhelt med meir entusiasme enn vit, og heile utgjevinga bognar av rare innfall, intertekstuell leik og sprudlande humor.

J.R.R. Tolkien: Hobbiten

Medan mange går og ventar på filmatiseringa av Hobbiten, Tolkien-klassikaren frå 1937, kan det høva å minna om at boka kom ut på nynorsk for nokre år sidan.

Robert Muchamore: Rekrutten

Den tidlegare privatetterforskaren Robert Muchamore står bak serien om barneagentane i CHERUB. No gjev Samlaget ut ein teikneserieadapsjon av fyrste boka i serien.

Terje Torkildsen: Dystopia III

Fire ungdomar er på flukt gjennom eit Europa råka av naturkatastrofar. Dei søkjer ly på slottet til markien av Moulindam. Uvêr gjer at dei vert isolerte på slottet, og når kokka på slottet vert drepen, er det duka for mordgåter og dramatikk.

Asbjørn Rydland: Med eld i hjartet

I den andre boka i serien om Drakeguten vert Koll på ny tvinga til å utforska og ta i bruk drakeelden og kreftene frå Nordavinden, krefter som fører både godt og vondt med seg.

Jim Woodring: Dei samlar seg, dyra

Tenk deg ein surrealistisk draum i eit svart-kvitt-landskap med detaljerte skraveringar. Sleng inn ein søt teikneseriefigur inspirert av animasjonsfilmar frå 1920-talet, og resultatet ville kan henda ha vorte noko liknande av den nye boka til Jim Woodring.

Nynorskopplæring: Teikneseriespesial

Dette heftet er ein antologi med tolv nyare teikneseriar på nynorsk. Her finn du veteranar som Håkon Aasnes side om side med unge, lovande serieskaparar. Du finn humor, drama og spaning, men òg stillfarne og poetiske seriar.