Opplegg til boka:
Bok på 1-2-3: Ylva og villgeitene – tverrfagleg undervisningsopplegg i norsk og naturfag for 1.–4. trinnet.
Ylva og pappa er på veg til sommarhuset, som ligg ved havet. Men dei er ikkje åleine under dei bratte fjellsidene. Villbukken Svartskjegg og geiteflokken hans held også til her. Det same gjer ørna.
Ylva er ei handlekraftig jente som liker og kan å røre seg i naturen. Ho veit kva som er viktig for ho. Då ho leikar i trea og på slettene ved sommarhuset, oppdagar ho noko nede i fjøresteinane. Noko lite og levande. Ei villgeit held på å få killingar, og ørna er på jakt. Kan Ylva klare å redde dei to killingane åleine?