Kristoffer Gaarder Dannevig og Trude Tjensvold: Alle kosedyra har namn unntatt esel
Elefanten heier Elfi og kaninen heiter Ninin. Alle kosedyra til Anna har eit namn, og det finst ei forklaring på korleis dei fekk akkurat det namnet. Berre stakkars esel har ikkje namn, han vert berre kalla esel. Og slik vil ikkje Anna ha det. Ho må finne eit namn til eselet. Men kva skal det vere?
Arnfinn Kolerud: Ivar får ansvar
Ivar er 12 år, og foreldra meiner han er gamal nok til at vekeløna kan snu. No er det Ivar som må betale foreldra 100 kroner i veka.
Disney / Det Norske Teatret: Frost
Vil du vere med og lese nynorsk? Endeleg finst Anna og Elsa og universet frå Disney-suksessen Frost også på nynorsk.
Trude Tjensvold: Vi roper i skogen. Ei faktabok om skogens språk
Frå ståk og bråk i byen tek Trude Tjensvold oss med ut til roa i skogen. Eller er det eigentleg så stille der?
Agnes Ravatn: Gjestene
Hovudpersonen Karin endar ufrivillig opp med ei vekes sommarferie i ei lånt luksushytte. Ho kjenner seg underlegen hyttenaboane, og fortel løgner for å passa inn.
Sigri Sandberg: Ro. Om Sognefjorden og ein lang rotur heim
Livet trykker på frå alle kantar med pandemi, alvorleg sjukdom og død rundt ho. Då bestemmer Sigri Sandberg seg for å finna ro ved å ro. Ei meditativ bok med innsikt og utsikt.
Aina Basso: Dei dødsdømde
Aina Basso er historikar og gjer ein grundig kjeldejobb. Ved hjelp av tragiske enkeltskjebnar teiknar ho opp det større biletet rundt dødsstraff. Dødsstraff i Noreg er historie, men mange stader i verda er det samtid.
Robert Muchamore: Brigands MC
Boka startar i motorsykkelklubben Brigands. Faren til hovudpersonen er medlem, og åtte år gamle Dante er ofte til stades i dette kriminelt belasta miljøet. Faren ryk uklar med leiaren i klubben, og Dante vert vitne til at foreldra og to av søskena vert brutalt drepne. Dante må flykte med veslesøstera, og dei vert plasserte i fosterheim.
Synnøve Macody Lund: Personar du kanskje kjenner
Dette er ei bok med mange samanvovne historier. Den viktigaste handlar om Synnøve og faren hennar. Ho skal skrive bok om han, men synest det er vanskeleg.
Margit Walsø: Kjære Voltaire
Émilie gjer som ho vil og klarer å leve akkurat det livet ho ønskjer seg. Likevel set ho det heile på spel.
Agnes Ravatn: Operasjon sjølvdisiplin
«Sjølvhjelpsboka for deg som hatar sjølvhjelpsbøker!» står det på framsida av denne boka. På rett over 100 sider gir Agnes Ravatn oss handfaste, forskingsbaserte sjølvhjelpsråd om korleis me kan meistre kvardagen litt betre. Ho tek utgangspunkt i kvardagslege problemstillingar som dei fleste av oss står i. Det handlar til dømes om kosthald, trening, pengebruk eller mangel på konsentrasjon.