Skribentarkiv: Hilde Thomassen

Tore Kvæven: Kameljegeren

KameljegerenFrå 9 år

Lise skal vere med bestefaren sin på jobb i tre veker, saman med broren Øystein. Bestefar er kameljeger i Saharaørkenen, og køyrer hit og dit med motorsykkelen sin i lag med villhunden Tam og sankar soltørka kamelar som har vandra ut i ørkenen for å døy åleine. Kamelane skal malast opp og brukast til krydder på graut, for den gongen vi brukte orda kamel og kanel om kvarandre, var vi ikkje så langt ute på villspor som kanelindustrien vil ha oss til å tru. Og sjølv om det kan vere uvant å tenke på at vi strør innvollar og hår på grauten vår, er denne boka sin versjon minst like fin som den gamle bortforklaringa om bork frå tre. Kamelane er jo så inderleg godt tørka, dessutan.

Les meir

An-Magritt Lindtner: Smokkefeen Tutta

SmokkefeenFrå 2 år

Illustrasjonar: Jens Kristensen

Smokkefeen Tutta er venninna til tannfeen. Ho er ein ekstra lang og tynn fe som likar smokkar, som er veldig god til å skaffe seg dei, og som har veldig, veldig mange. Smokkefeen er og god til å finne nye bruksområde til smokkane sine, for i det kjempestore slottet hennar er alt bortsett frå golva laga av smokkar.

Les meir

Helme Heine: Venner

VennerVennene som vi får lese om i denne boka er hanen Herman Hanekrone, grisen Svein Slafs og musa Mattis Musevik. Dei lever på ein gard i lag med mange andre dyr, men dei stikk seg i grunnen litt ut frå dei andre dyra, litt fordi dei er litt menneskeaktige, og litt fordi dei av og til finn på ting som får dei andre til å bli ståande der og sjå litt forundra ut.

Les meir