I den sjuande og siste boka om Jakob og Neikob er temaet tid. Etter å ha vakna ein morgon der dei plutseleg har fått skjegg og bart, innser dei to venene at dei må ha sove veldig lenge. 10 år! Dei som skulle sova slik at tida gjekk fortare. Men kvar er tida blitt av … Er det Tjuven som har vore på ferde? Neikob vert stressa. Kanskje dei kan kjøpe tid?
– Hei, Somblekob, har du tid?
– Eg har all verdas tid, svarer Somblekob.
– JA, da vil vi kjøpe ho.
Venene oppdagar fort at dette ikkje er så enkelt. Dei prøver å reise med ei tidsmaskin, men det viser seg å vera ganske så utfordrande. Korleis skal dette ende? Les meir