Skribentarkiv: Ida Kornberg

Pia Strømstad og Flu Hartberg: Do

Å bæsje er noko alle gjer. Far din, mor di, kongen og dronninga, til og med kjendisar! Men sjølv om alle gjer det, er det noko mange av oss tykkjer er pinleg å innrømme.

Men har du eigentleg tenkt på kvar dei gjorde av bæsjen i gamle dagar, før vassklosettet blei funne opp? Eller kva dei gjer med tisset i land der dei ikkje har nok reint vatn? Kva gjer du eigentleg viss du må bæsje på ein ubåt, i eit jagarfly eller på ein internasjonal romstasjon? Alt dette og mykje meir forklarar Pia Strømstad i faktaboka Do.

Les meir

Stina L. Ørdal: Dagen utanfor

Utanfor er dagen lik den i går. Det kan sjå ut som ein heilt vanleg dag.
Det er heilt vanleg vêr. Bilar køyrer på vegen i heilt vanleg fart.
Lund hentar avisa som vanleg i pysjen. Boss må ut å tisse som vanleg.
Som vanleg må Jon gå med han. Han bjeffar mot huset til Lund i dag også.
Det er skuledag i dag. Jon ser at dei andre barna går til skulen som vanleg.
I stova heng det fine klede.
Det er ikkje 17.mai.

Dagen utanfor er ei forteljing om sorg, om ei daud humle som gir trøyst, og om dagar der livet er litt vanskeleg.

Les meir

Ingunn Thon: Ollis

Illustrert av Nora Brech

Mykje har endra seg heime hjå Ollis. Ho har fått ein veslebror og mamma sin kjærast har flytta inn. Ollis likar ikkje han noko særleg. Ollis har ikkje treft far sin, Borgefar, sidan ho var lita jente. Mor hennar har fortalt henne at han ikkje er meir, men kva tyder eigentleg det. Er han død, eller er han i live?

Heldigvis har Ollis ei bestevenninne, Gro, som bur like i nabohuset. Ho er tøff og uredd, og ho græt aldri.

Les meir

Nathalie Simonsson: Verdas viktigaste bok. Om kroppen, kjensler og sex

verdas_viktigaste_bokEi bok om alt ein vil vite, men ikkje vågar å spørje om. Er det vanleg at tissen er skeiv? Kvifor er nokre ting jentete og andre gutete? Korleis kjennest det å bli kåt? Kan mensen vere brun? Kor ofte er det ok å onanere? Korleis skal eg vise at eg er interessert og vil bli saman med nokon?

Det er mange ting som er viktigast i verda. Å få vere seg sjølv. Å ha lov å forelske seg i den ein vil. Å kjenne seg bra og viktig. Å bestemme over sin eigen kropp. Ein annan viktig ting er å finne ut korleis ting fungerer.

Les meir

Joan G. Robinson: Marnie – mi hemmelege vennine

marnieMarnie – mi hemmelege vennine er ei gripande forteljing om vennskapet mellom fosterbarnet Anna og den noko mystiske Marnie.

Boka vart publisert i 1967 og vart gitt ut som film av det verdskjente animasjonsselskapet Studio Ghibli i 2015. Både bok og film har mottatt gode omtalar og viser ei klassisk og tidlaus historie om familie, vennskap og einsemd.

Anna er foreldrelaus og bur hjå fostermora fru Preston. Ho kjenner seg utilpass og har ikkje mange venner. Fru Preston bestemmer seg for å sende ho på sommarferie til fru Pegg og ektemannen, som bur i landlege omgivnadar ved sjøen. Her oppheld Anna seg mykje aleine mellom sanddynene på stranda, til ho ein dag møter Marnie.

Les meir

Erna Osland: Gullfalken. Ni nye eventyr

gullfalkenGullfalken. Ni nye eventyr av Erna Osland er ei samling med ni tidlause forteljingar frå heile verda. Dyr og element frå naturen utgjer bakteppe i historiene, og heltane er barn og ungdomar som ved hjelp av vennskap og omsorg kjem sigrande ut av konfliktane som oppstår.

Boka er full av farlege og spanande hendingar der både liv og helse blir sett på prøve. Namna på figurane, omgjevnadane, illustrasjonane og fargebruken gir ei noko framand og eksotisk stemning.

Les meir

Lynne Benton og Fred Blunt: Kaninforteljinga

Kaninforteljinga er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Denne boka er nivå ein og eignar seg difor for barn som nett har begynt å lære å lese. Boka har lite tekstmengd og mange illustrasjonar, og teksten er direkte kopla til bileta.

Kanin er trist. Huset hans er for lite, og han treng meir plass. Kanin går til den kloke ugla for å søke hjelp, kanskje han veit råd? Den kloke ugla ber han om å invitere venner og familie heim. Men med så mange kaniner på besøk blir det jo enda trongare om plassen. Kanin er forvirra, men skal tru om ikkje den kloke ugla har ein plan?

Kaninforteljinga er ei humoristisk forteljing om det å lære å sette pris på det ein har. Boka har innhaldsrike illustrasjonar, og du finn oppgåver knytte til bilete og tekst til slutt.
Les meir

Øyvind Vågnes og Akin Duzakin: Den vesle blå haien

Den vesle blaa haien«I det store havet er alt blått. Ingen kan sjå den vesle blå haien. Nesten ingen.»

Den vesle blå haien handlar om dei som kan kjenne seg annleis og utanfor. Den vesle blå haien likar ikkje det som andre haiar likar og kjenner seg usynleg i alt det blå som omgir han i havet. Det er nett som om han er blå både utanpå og inni. Den vesle blå haien likar ikkje fisk, men sjøanemonar. Dei er mjuke og dei kiler i munnen. Dei fyller magen med fargar. Dei tek bort alt som er blått.

I boka får lesaren òg møte den vesle grå haien. Han er som dei andre haiane. For han er heile livet eit måltid. Han gapar høgt. Altfor høgt. Ikkje ser han alt det han svelgjer. Ikkje ser han dei dansande algane. Ikkje ser han dei skinande fiskane. Ikkje rart han blir kalla Glefsekjeften.

Les meir

Linn T. Sunne og Camilla Billett: Jenta i Blindgata

Jenta i BlindgataJenta i Blindgata tilbyr lesaren eit møte med det overnaturlege kombinert med handlingsdrivande illustrasjonar som tilfører forteljinga spanande element og passeleg mengde grøss-faktor. Bileta støttar opp om historia og oppfordrar til vidare samtalar kring tydinga av det ein ser.

I boka møter vi Tea og Teodor som får ei ny jente i klassa, Inga. Inga bur i same gate som Tea og Teodor og har ein hund som heiter Knøtt. Det er spanande å besøkje Inga, for ho bur aleine og dei kan gjere det dei vil. Men då dei leiker gøymsel, ser Teodor noko som gjer han livredd, og dei byrjar å sette spørsmål ved kven Inga eigentleg er.

Les meir

Fantasiboka

Det var ein gong eit heilt vanleg hus som låg i ein heilt vanleg skog. Der budde det ein gamal og gråhåra mann. Mannen var forfattar og hadde skrive bøker heile livet. Då han var ung, hadde han hatt mange venner, og saman hadde dei reist verda rundt på jakt etter eventyr. Derfor var bøkene hans fulle av snakkande pappegøyar, dansande slangar og flygande esel. Alle vennene hans vart sprø som kjeks, og dei hadde klatra opp dei brattaste fjell, ridd på krokodiller og overnatta i toppen av dei høgaste trea dei kunne finne.

Slik startar første eventyret i Fantasiboka, den femte og siste boka i serien med nyskrivne nynorske forteljingar. Sidan første utgivinga i 2007 har desse antologiane etter kvart blitt klassikarar og samleobjekt i mange hus.

Les meir