Skribentarkiv: Ingvild Myklebust Hovden

Ruth Lillegraven og Jens Kristensen: Klodeklubben 3: Fanga på fjorden

Fanga på fjorden er den tredje boka i spenningsserien Klodeklubben. Den første boka heiter Dei svarte svanene, og den andre boka heiter Hytta som forsvann. I alle bøkene møter vi dei miljøengasjerte barna Vanja, Sivert og Mo som er med i Klodeklubben.

I Fanga på fjorden oppdagar barna at nokon driv med ulovleg hummarfiske. Kven kan dette vere? Vi følgjer Vanja, Sivert og Mo tett gjennom den spennande etterforskinga som dei set i gang på eige initiativ.

Les meir

Geir Egil Eiksund: Kampen

I Kampen møter vi Andreas som er 11 år. Handlinga går føre seg i ei lita bygd, og det er sommarferie. Andreas gler seg til å spele fotball saman med besteveninna Sara og nokre andre frå klassa. Plutseleg dukkar det opp ein ny gut som heiter Viljar. Andreas kjenner at han blir rar og varm når Viljar er i nærleiken. Samstundes får Andreas fleire hjartemeldingar frå Sara. I løpet av nokre utfordrande sommardagar må Andreas bli kjend med seg sjølv på nytt. Som lesarar vert vi inviterte med inn i tankane til Andreas

Kampen tek opp tema som homofili, kjærleik og vennskap. Boka inneheld gode skildringar av korleis det kan opplevast for ein 11-åring når livet er utfordrande.

Sommarfuglane inni meg døyr. Dei fell som svarte steinar og landar hardt i botnen av magen.

Les meir

Åshild Moldskred: Berre hopp!

Ingeborg har blitt uvenner med den tidlegare bestevenninna Pernille. No har Pernille slått seg saman med Marte som går i same klasse. Gjennom ord, handlingar og kroppsspråk ertar dei Ingeborg som bruker høyreapparat.

Forfattaren klarer å skildre korleis det å bli halden utanfor kjennest for ei 11 år gamal jente. I Berre hopp! blir lesaren dregen med inn i tankane og kjenslene til Ingeborg. Sjølvtillit er eit sentralt tema gjennom heile barneromanen. Storebroren til Ingeborg gjev henne ei utfordring: For at ho skal slutte å bry seg om kva andre seier om henne, skal ho gjere fire ting som ho aldri har tort før. Desse utfordringane er med på å skape spenning gjennom heile boka.

Les meir

Ruth Lillegraven og Jens Kristensen: Hytta som forsvann

Hytta som forsvann er andre bok i serien om Klodeklubben, eit detektivbyrå med klima- og miljøsaker som spesialitet.

På garden der Vanja bur, blir fleire av dyra sjuke. Samtidig skjer det noko med den tomme hytta i skogen, der Vanja og Sivert har leika. Kven er det som riv gamle hytter og byggjer nye? Og kvifor flyt søppelet rundt i naturen?

Les meir

Ruth Lillegraven og Jens Kristensen: Dei svarte svanene

Dei svarte svanene er første bok i serien om Klodeklubben, eit detektivbyrå med klima- og miljøsaker som spesialitet.

Ein båt krasjar i kaia utanfor fabrikken i den vesle bygda. Vanja, Sivert og Mo oppdagar oljesøl i fjorden, og dei kvite svanene er tilgrisa av svart olje. Kan det vere den rike fabrikkeigaren som kvittar seg med olja? Eller er den mystiske assistenten hans, Luke, innblanda? Når ingen vaksne trur på det dei fortel, må Klodeklubben ta saka i eigne hender.

Les meir

Hans Sande og Skinkeape: Arkimedes og vindmølla

Denne biletboka er skriven av Hans Sande og illustrert av Skinkeape (Marianne Gretteberg Engedal). Boka handlar om katten Arkimedes, jenta Evreka og pappaen hennar, som er oppfinnar. Denne gongen prøver pappaen å finne opp ei vindmølle som heng i lause lufta. Illustrasjonane i boka er kreative og humoristiske, samstundes tek boka opp eit aktuelt tema. Kva skjer når ein plasserer vindmøller i naturen? «Heile Komlefjellet er øydelagt for all framtid!» står det i teksten, og vi ser døde fuglar ved sida av vindmøllene. Klarer oppfinnaren å lage ei flygande vindmølle som fungerer? Han vil som vanleg trenge hjelp frå både dottera Evreka og katten Arkimedes.

Dette er den femte boka i Arkimedes-serien. Dei andre bøkene er: Arkimedes og brødskiva, Arkimedes og rulletrappa, Arkimedes og Prompeland og Arkimedes og snøballen.

Anna R. Folkestad: Visste du at …? GODTERI, TACO og SUSHI

Desse tre bøkene inneheld mange artige og interessante fakta om godteri, taco og sushi. Som til dømes at lakris blei brukt som medisin i gamle dagar.
Visste du at i Mexico er det vanleg å ha sjokolade i taco? Visste du at ein tunfisk blei seld for 26 millionar kroner?

Bøkene har enkel tekst og fargerike illustrasjonar. Dei er skapte til å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Les meir

Anna Fiske: Visste du at …? MAUR, MARK og MYGG

Desse tre bøkene inneheld mange artige og interessante fakta om maur, mark og mygg.

Visste du at mauren kan bere opptil fem gongar si eiga kroppsvekt? Visste du at marken hjelper plantane å vekse? Visste du at myggen finst over heile verda? Berre ikkje i Antarktis.

Bøkene har enkel tekst og fargerike illustrasjonar. Dei er skapte til å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Les meir

Hanne Sigbjørnsen: Visste du at …? BLOD, BÆSJ og HÅR

Desse tre bøkene inneheld mange artige og interessante fakta om blod, bæsj og hår. Visste du at blodet fraktar mat ut til heile kroppen? Visste du at tjukktarmen er over ein meter lang? Visste du at ei dame frå Kina hadde hår som blei over fem meter langt? Og at det er verdsrekord!

Bøkene har enkel tekst og fargerike illustrasjonar. Dei er skapte til å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Les meir