Brynjulf Jung Tjønn: Kvar dag skal vi vere så modige

I denne romanen møter vi Isak som bur saman med mor si. Som lesarar vert vi tekne med inn i tankane til Isak, som er eg-forteljaren. Allereie frå starten får vi vite at forholdet mellom Isak og mora ikkje er som det bør vere. Isak blør frå kneet og kviskrar at han vil ha plaster, men mora snur seg ikkje. Ho ber guten gå ut fordi ho vil vere i fred.

Geir Egil Eiksund: Kampen

I Kampen møter vi Andreas som er 11 år. Handlinga går føre seg i ei lita bygd, og det er sommarferie. Andreas gler seg til å spele fotball saman med besteveninna Sara og nokre andre frå klassa. Plutseleg dukkar det opp ein ny gut som heiter Viljar. Andreas kjenner at han blir rar og varm når Viljar er i nærleiken. Samstundes får Andreas fleire hjartemeldingar frå Sara. I løpet av nokre utfordrande sommardagar må Andreas bli kjend med seg sjølv på nytt.

Åshild Moldskred: Berre hopp!

Ingeborg har blitt uvenner med den tidlegare bestevenninna Pernille. No har Pernille slått seg saman med Marte som går i same klasse. Gjennom ord, handlingar og kroppsspråk ertar dei Ingeborg som bruker høyreapparat.

Hans Sande og Skinkeape: Arkimedes og vindmølla

Denne biletboka er skriven av Hans Sande og illustrert av Skinkeape (Marianne Gretteberg Engedal). Boka handlar om katten Arkimedes, jenta Evreka og pappaen hennar, som er oppfinnar. Denne gongen prøver pappaen å finne opp ei vindmølle som heng i lause lufta. Illustrasjonane i boka er kreative og humoristiske, samstundes tek boka opp eit aktuelt tema. Kva skjer når ein plasserer vindmøller i naturen?

Ina Giske: Sjøhesten Hippo og plasten i havet

Sjøhesten Hippo blir send på ei ufrivillig reise ut i havet. Der møter han ulike skapningar som alle er påverka av plast. Dette er ei historie om samarbeid og venskap på tvers av art, men mest om utfordringane plasten i havet skaper for dei som bur der.