Mopp og Mikko er ein bokserie for dei minste barna. Det er Kari Stai, mor til dei kjende barnebokkarakterane Jakob og Neikob, som står bak både tekst og bilete i bøkene, og dei fire første bøkene er no ute på marknaden: Mopp og Mikko elskar ting, Mopp og Mikko elskar dyr, Mopp og Mikko elskar mat og Mopp og Mikko elskar kjøretøy.
Vi ser at alle bøkene har ein tittel som fortel om noko Mopp og Mikko elskar, og bøkene handlar om at dei to venene jaktar på det som dei har så lyst på. Alle bøkene startar likt. Først får vi vite kva Mikko elskar: «Mikko elskar ting/dyr/mat/kjøretøy!» Som respons på dette seier Mopp: «Kom så fer vi på ting-/dyre-/mat-/kjøretøy-jakt!» Les meir