Marianne Gretteberg Engedal: Polititjuven
Dette er den andre boka om Kjell og bestevenen Pølse-Per. Kjell, som er fødd inn i ein tjuvefamilie, likte så dårleg å vere tjuv at han slutta med det i den første boka.
Anders Totland og Martin Ernstsen: Pest og plage – verdas verste pandemiar
I denne faktaboka får vi lære meir om sjukdommar som har herja både i Noreg og elles i verda, frå svartedauden i 1349 til koronapandemien. Boka gir oss eit historisk innblikk i korleis sjukdommane råka både by og bygd, og fortel om tragiske utfall for fleire familiar.