Skribentarkiv: Janne Karin Støylen

Erna Osland: Venner med venger

Fuglar har små hjarte som slår fort. Eit steindulphjarte slår nesten 500 slag i minuttet! Dette er mellom det første vi lærer i den nye fagboka frå Erna Osland. Ei fuglebok! Sola kryp høgare på himmelen og snart kjem trekkfuglane tilbake. Andre fuglar har vore her gjennom heile vinteren, kva kallar vi dei? Standfuglar, ja. Saman med venene Dina og William lærer vi dette og mykje meir om dei vanlegaste fuglane våre.

Les meir

Kari Stai: Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake

Jakob og Neikob er tilbake! Det er tjuven også, vi hugsar han frå slutten av den første boka om dei to venene som er så ulike: Jakob seier ja til alt, Neikob seier alltid nei. Tjuven har no rømt frå fengselet. Jakob og Neikob bestemmer seg for å ta opp jakta på han. Men tjuven lurer dei begge to, snart er det Jakob som sit i fengsel! Slik som Neikob til slutt kunne svare ja mot slutten av førre forteljinga, er det Jakob som denne gongen må lære seg å seie nei.

Les meir

Solveig Blindheim Bendixen: Teo tar sjansen

Hurra! Her kjem den andre boka om førsteklassingen Teo! Denne gongen får vi vere med på SFO. Den nye klinkekulebana er det kjekkaste på heile SFO, synest Teo. Det er det fleire som synest, både jentene og dei store gutane i tredjeklasse.

I Teo tar sjansen kjenner vi att den spennande og artige forteljemåten frå første boka. I tillegg er det ein framståande kvalitet ved begge forteljingane kor nært forfattaren greier å la lesaren få komme hovudpersonen. Teo er truverdig til tusen i alt han tenkjer, seier og gjer.

Les meir

Fabrizio Silei: Rosas buss

Ill.: Maurizio A.C. Quarello
Til norsk ved Guri Vesaas

«Dette er ei strålande forteljing, og å kjenne denne forteljinga gjer oss godt. Ho hjelper oss til å sjå framover, ho hjelper oss til, når stunda krev det, å ikkje vende blikket bort.» Slik skriv Christine Weise, president i den italienske seksjonen av Amnesty International om boka Rosas buss. Biletboka fortel historia om den modige Rosa Parks som ein desemberdag i 1964 nekta å reise seg frå bussetet for å gi plass til ein lyshuda amerikanar.

Berre gjennom å kjenne historia kan ein unngå å gjere dei store feilstega ein gong til. Dette utgangspunktet er motivasjonen Fabrizio Silei har for å skrive for barn om menneskerettar. Den italienske barnebokforfattaren har gjort det til eit spesiale å skrive skjønnlitterære forteljingar om rasisme og diskriminering. Han har vore nominert til Unicef-prisen for dette viktige arbeidet og er no for første gong omsett til norsk. Les meir

Sølvbåt og stjernevind

– Eg har alltid hatt lyst til å skrive dikt for ungar, smiler Hilde Myklebust. Ho er ein av seksten lyrikarar som er representerte i Sølvbåt og stjernevind, den ambisiøse og påkosta barnediktboka frå Mangschou forlag. – Eg hadde faktisk nokre skisser liggjande. Fleire idear. Så fekk eg invitasjonen frå Per Olav Kaldestad om å skrive til denne antologien. Du kan tru eg vart glad!

– Eg har prata mykje med ungar om ord og dikting, skjønar du. Dei siste åra har eg reist på turne med Lurivar, katten i Ivar Aasen-tunet. Eg har skrive teksten til den framsyninga. Vi har besøkt skular i massevis! Les meir

Barnas eigne vitsar

Av Ragnfrid Trohaug og Nana Rise-Lynum (red.)

Du hugsar vel kvifor svenskane har runde hus og kor mange svenskar du treng for å skifte ei lyspære. Og kvifor dei går på do med open dør og har med seg stigar i butikkane. Men veit du kvifor dei har tomme flasker i kjøleskapet? Og kvifor dei bruker øyrevarmarar? Og korleis dei avlivar fiskar?

Barnas eigne vitsar er sende inn av lesarane av Norsk barneblad. Det er svenskevitsar, vampyrvitsar, skulevitsar, mor-og-far-vitsar og mange fleire. Og gåter! Artige og rare, morosame og teite. Lette å lese og lette å lære. Lesarane kan få lyst til å lage sine eigne vitsar, dei vittige poenga kjem når ein leikar med språket og har det moro med ord: Les meir

Ole Lund Kirkegaard: Gummi-Tarzan

Omsett av Ragnar Hovland

Kva er det du puttar i gryta? spurde Ivan ivrig og sette seg attmed den gamle kona. – Åhh, sa ho. Litt av kvart. – Det er snokefeitt. Det brukar vi hekser alltid. Og så er det eldtorn og froskeegg og musetiss og kattehalar og rumpetroll og juleøl.

Ein dag Ivan Olsen sit nede ved elva og øver seg i å plystre slik som fuglane, kjem ei gammal kone haltande forbi. – Er du ikkje redd for meg? spør den gamle kona. – Eg er ei vaskeekte heks, forstår du.

Men Ivan Olsen er ikkje redd for heksa. Han er redd for buksevatn og naseblod og slikt. Han har dårleg med musklar og kan ikkje denge nokon. Bokstavane i bøkene på skulen myldrar rundt på arket som maurar i ei maurtue. Far hans synest han er ein dott og ein gummi-Tarzan. – Far din er visst ein skikkeleg gammal dott. Men no skal du høyre. Du skal få oppfylt eit ønske! Men, seier heksa, berre for ein dag. Ivan Olsen ønskjer seg eit kjempeønske: At alle ønska hans skal gå i oppfylling! Les meir

Asbjørn Rydland: Drakeguten

Første bok i ein fantasy-serie på fem bøker om stallguten Koll.

Nokre soger kan ikkje gløymast eller haldast fast berre på ein plass. Dei kan rett nok ta til i det små, kanskje berre med ei lita hending i ein liten landsby langsmed elva, men så veks dei seg større og større. Ingen kan vita kvar slike soger tar vegen. Dei kan leva i fleire hundre år og reisa til fjerne kystar og framande land, heilt til dei nesten ikkje liknar seg sjølv lenger. Men uansett kor langt dei drar, og kor lenge dei lever, så kjenner alle dei. Om soga om Drakeguten er ei slik historie? Vi får sjå!

Den mektige elva Taigar renn gjennom Andhra Kesh, riket mellom fjelltoppane. Krigen er over, det maldesiske kavaleriet har fridd landsbyen Kervad frå krigsherren Lothbard. Mange av kervingane meiner dei like godt kan forsvare seg sjølve no. Dei treng ikkje kavalieriet lenger. Stallguten Koll drøymer om å bli ein stor krigar og gjere som han sjølv vil. Men han er liten og puslete, er redd for vatn og kan ikkje eingong symje. Likevel brenn det i han, han skjønar at han er utvald.
Les meir

Hilde K. Kvalvaag: Fengsla

– Eg sit på Bergensbanen, det er difor det er litt dårleg dekning, forklarar Hilde K. Kvalvaag på telefonen. Eg burde kanskje ha blitt igjen i Oslo og gjeve intervju og sola meg i glansen, men eg trudde jo ikkje at eg skulle vinne, ler ho. Kvelden før fekk ho Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok 2010. Ho har skrive ungdomsromanen Fengsla. Prisen i denne kategorien har dermed gått til ei nynorsk utgjeving tre av dei fire siste åra!
Les meir