Olaf Husby (red.): Ordleiksboka

Dette er ei bok for dei som er interesserte i og fascinerte av ord og språk. Og for dei som kjem til å bli det, etter å ha leika og ledd seg gjennom ei raus utgjeving prega av overskot og ord-glede!

Lunde og Torseter: Eg kan ikkje sove no

Den vesle guten i denne forteljinga får ikkje sove. I stova sit ein trygg pappa som kan svare på alle spørsmål. Søv dei raude fuglane? Et reven brødskorpene deira? Og viktigast av alt: Søv mamma?

Erna Osland: Dyrebare venner

Forlaget Mangschou har samarbeidd med Erna Osland om ein prislønt sakprosaserie som tel tre bøker med denne siste. Skarpe tenner, Fint å ha far og Dyrebare venner. Resultatet er svært godt, behovet er også stort.

Lars Westman og Erna Osland: På liv og død

Ei bok om sensasjonar – sanne sensasjonar i naturen og historia. På liv og død inneheld spennande, korte tekstar for aldersgruppa 10–13 år. Ein kan byrje bak eller framme eller på midten, lese alt eller berre litt.

Sissel Horndal: Himmelspringaren

«Det byrja ei natt i april. Heile Rakkarhågen var pakka inn i skodde, og Gullullafjøset såg ut som det hang i lause lufta.» Slik byrjar forteljinga om Lilla Himmelspringar.

Lars Mæhle: Harry Houdinis elefant

Gutelaget er stua i hop i telt på Ekebergsletta, dei skulle ha sove for lengst, før kampen i morgon. Hovudpersonen Anders er klemd mellom lengselen etter å vere med i kameratflokken og sin eigen integritet og indre motstand mot brutaliteten som får dominere.

Aina Basso: Ingen må vite

Året er 1734. Ingeborg er 14 år. I ei lita kystbygd nord i landet driv ho ein karrig fjellgard saman med mora og veslebroren. Ein alkoholisert og valdeleg stefar utset henne for overgrep ho ikkje kan fortelje om.

Terje Torkildsen: Marki Marco

Marco flykta frå Srebrenica og Bosnia saman med mor si då han var liten gut. No innhentar fortida han på fleire måtar, både terroristar, mafia og sanninga om hans eigen far er med på å gjere livet farleg og vanskeleg for han.

Kari Stai: Jakob og Neikob

Jakob og Neikob bur saman i eit hus på ein bakketopp. Dei er gode vener sjølv om dei er veldig forskjellige. Jakob seier JA til alt og Neikob seier NEI til alt. Jakob har så lyst at Neikob skal seie ja og verte med på noko kjekt.

Terje Hellesen: Kvalen Blå dansar salsa

Kvalen Blå er dritlei av havet. Ho vil heller danse salsa på diskotek! Medan ho tørrtrenar på ei strand møter ho ein gut med berre eitt øyre. Det er eitt for lite, synst guten. Men eitt øyre er likevel nok til han forstår kvalen sitt ule-språk.

Maria Parr: Vaffelhjarte

Trille er sikker på at nabo Lena er bestevennen hans. Men han er ikkje like sikker på om han er bestevennen til Lena Lid. Med Pippi sitt dumdristige initiativ og «hyss» som ikkje står noko tilbake for dei kreative skøyarstrekane til Emil, dreg ho Trille med på dei viltraste påfunn.

Anna Gavalda: Saman er ein mindre aleine

Fire menneske, Camille, Philibert, Franck og Paulette, kjem til å møtast. Historiene deira er kvar for seg vonde nok til å kunne knekkje dei. Kvar av dei har likevel eineståande talent, og i fellesskapet dei utviklar får desse fritt spelerom.