Skribentarkiv: Liv Kristin Bjørlykke Øvereng

Samlaget: Leseland

leselandLese-app for born i alderen 4–10 år

Leseland er lesetreningsbøker for born som lærer å lese. Appen passar særleg godt for born som treng ekstra støtte og motivasjon i lesetreninga. Han inneheld åtte bøker, og du kan få appen både til Ipad, Android og Windows 8. Bøkene er delte inn i fire nivå, med to bøker på kvart nivå. Les meir

Rotraut Susanne Berner: Året rundt i Vrimleby

VrimlebyFrå 0 år

Dette er boka der ein kan undre seg gjennom heile året. I denne samleboka følgjer vi livet i Vrimleby gjennom vinter, vår, sommar og haust.

Året rundt i Vrimleby er ei biletbok for dei minste borna der ein kan samtale om bilete eller dikte små historier. Den første sida for kvar årstid presenterer personane og inviterer til å starte ei historie og følgje dei vidare gjennom året i Vrimleby. Slik inviterer boka og bileta til samtale omkring ulike personar, ting eller hendingar. Slik som til dømes borna som er på biblioteket og låner bøker eller papegøyen Niko som stikk av. Eller kva foregår på Kulturhuset?

Les meir

Martine Grande: Kakerlakken med den stygge frakken … og hovudet fullt av triste tankar

KakerlakkenAlder 3-9 år

Kakerlakken er lykkeleg når det er sommar. Ho spring naken omkring. Sola skin og lyser opp kvar ein krik og krok i den vesle kakerlakk-kroppen. Når hausten kjem sloknar sola både på himmelen og inne i Kakerlakken

Boka tek for seg eit tema som har vore lite omtalt i skule og barnehage, triste tankar eller depresjon hos barn. Forfattaren Martine Grande løftar fram temaet på ein seriøs og undrande måte gjennom historia om Kakerlakken.

Les meir

Ragnfrid Trohaug: Vi vil ha hund!

Mange unge lesarar ønskjer å lese om dyr. Denne boka handlar om Jenny og Ole som er tvillingar og bestevener. Dei vil så veldig gjerne ha ein hund, men mamma og pappa er vanskelege å overtale. Kva må ein eigentleg gjere for å vise at ein kan ta ansvar for ein hund?

Jenny og Ole tenkjer å tjuvlåne ein hund og legg ein «vasstett» plan. Dette må gå bra … men kva skjer når dei skjønar at dei har tjuvlånt ein premiehund?

Boka har overraskande element og er spennande. Det er ei lettlesen bok, i Leseløve-serien til Cappelen Damm, med korte linjer og stor skrift. Boka passar for born frå ca. 7 år som kan få oppleve gleda ved å lese ei heil bok sjølv.

Boka finst også som lydbok.

Christina Björk og Eva Eriksson: Prinsesser og drakar

Prinsesser og drakarFrå 3 år og oppover

Frå svensk ved Marit Kaldhol

I denne boka møter vi bestemte prinsesser i nye «prinsesseroller». Om de kjenner eventyr om drakar og prinsesser der draken vil røve prinsessa og ha henne i hola si, må de lese denne boka. Her er alt snudd på hovudet. Her har nemleg prinsessene kontroll på drakane. Her møter vi til dømes prinsesse Onetta som vil lære å sprute eld, og prinsesse Torinda som tek den mørkredde draken med ned i den mørke slottskjellaren.

Les meir