Gamle menn i syningom er den tredje og siste romanen i trilogien om Vassbygda/Vassbygdi, den siste landsbyen i Norike som klamrar seg til nynorsken. Bygda der innbyggarane kranglar om a-endingar og i-endingar, og klassane på skulen ikkje heiter a og b, men a og i.
I dei to føregåande romanane har vassbygdingane tatt i bruk sterke verkemiddel for å verne nynorsken mot bokmål: Orm Åkerstein har køyrt postbilen på sjøen fordi han deler ut reklame på bokmål. Vassbygda/Vassbygdi Vel har engasjert Åkerstein til å skyte ein bjørnunge i Dyreparken, som kunne slå plen med plenklippar. Bjørnungen hadde fått namnet Ivar, og stod i fare for å bli meir populær enn sjølvaste Ivar Aasen. Den mest ihuga nynorskingen av alle, Bendik Uføre, har også gått rundt på offentlege kontor og lagt støv på søknadsskjemaa på bokmål, så det skal sjå ut som om dei er lite i bruk, og Uføre har vedda huset på at han skal få heile Norike til å samle på nynorske diktarkort, og greidd det. Les meir