I Fallesjuke følgjer vi Agnes, tidlegare feature-journalist i VG. No har ho flytta heim att til Voss og er journalist i lokalavisa Hordaland. Vi følgjer henne i ei veke, frå søndag til søndag, gjennom stor dramatikk og etterforsking av det som viser seg å vere eit drap.
Fire kvinner hoppar formasjon i fine bunadar, og ei av dei klaskar i bakken med avskorne snorer på fallskjermen midt i folkehavet under opningsseremonien den første søndagen på Ekstremsportveko. Kripos blir raskt kopla inn og leiar etterforskinga. Dei fire kvinnene har halde saman sidan vidaregåande, og Agnes gjekk på skulen i lag med dei. Ho begynner å nøste i fortida, og det dukkar opp mange skjulte, mørke og samanvovne hemmelegheiter, som på godt krimgåtevis kan peike mot fleire moglege gjerningsmenn. Eller kvinner. Les meir