Atle Hansen: Flukt

Flukt er både ein kort og spanande «pageturner» om nært venskap, etikk, og spionering, og ho tek opp brennheite samfunnsspørsmål. Slikt trengst i lettleslitteraturen!

Carl Frode Tiller: Innsirkling 1–3

Det har kome to romanar i trilogien Innsirkling, ein trilogi som har fått rosande merksemd og mange utmerkingar. I desse intenst urolege bøkene handlar det om unge menneske som alltid er i ei desperat og djup psykologisk krise.

Lene Kaaberbøl: Viridians blod

Andre bok i Lene Kaaberbøls villheksserie, Viridians blod, er minst like fengjande som den første, og er midt i blinken for lesehestar på mellomtrinnet og på ungdomstrinnet.

Ruth Lillegraven og Inger Landsem: Mari og Magnus får katt

I Mari og Magnus får katt er det ikkje lenger ei kriminalforteljing, men ei forsvinningssak, som er sentrum i forteljinga. For når den store dagen kjem, og kattungen endeleg er komen i hus, rømer han vettskremt under sofaen. Så, når Mari og Magnus gløymer å smekke ytterdøra etter seg, flyktar den vesle katten vidare opp […]

Ingunn Røyset: Prins Storm

Prins Storm er ei utruleg fantete forteljing om ein liten, kreativ rabagast som nyttar alle høve til å gjere motstand mot realismen i kvardagen.

Lars Mæhle: Fuck Off I Love You

Vemund står med ein lighter i ein knusktørr åker. Han kjenner seg pressa av leiaren av kompisgjengen, Two-Face, til å tenne på. Han har sklidd heilt ut, og det er like før han gjer seg ansvarleg i hatkriminalitet.

Robert Muchamore: Drapet

Drapet er fjerde boka i den spanande serien frå Robert Muchamore om dei unge, men beinharde Cherub-agentane. Det er berre å feste sikkerheitsbeltet og gi seg i kast med Londons kriminelle undergrunn.

Hilde Myklebust: Glødepunkt

Glødepunkt er ein engasjerande, realistisk roman om psykologiske brytekampar og industrielle brytingstider, og er ei forteljing som kan og bør lesast av både ungdom og vaksne.

Bente Bratlund: Hanna & Emma (bok 1, 2 og 3)

Bente Bratlund har nett gjeve ut den tredje boka i serien om veninnene Hanna og Emma. Alle bøkene er lettlesne to-i-ei-bøker, og dei smittar med sitt positive vesen og allmenne relasjonstematikk.

Ingelin Røssland: Engleslakt

Engleslakt er tredje boka i Ingelin Røsslands spanande og populære serie om detektivheltinna Engel Winge. Og det vert ikkje noko mindre nervepirrande denne gongen, om du trudde det!