Eit eg vi aldri får vite namnet på, fortel denne historia om eg-et og eit du, og handlinga går føre seg i Gjesdal kommune. Eg og du har mykje felles, dei er fødde på same dag og døypte i det same vatnet. Og dei er begge odelsjenter til kvar sin gard som stammar frå kvar si ætt langt tilbake i tid, fjellfolket og skogfolket. Begge to tenker på at dei for all del ikkje må bli gravide.
Eg-et har kjensla av å høyre til og ikkje høyre til samtidig. Ho kjenner eit slektskap med garden, sjølv om ho ikkje vil drive mjølkegard, ikkje drive med sau eller dyrke jorda. Ho liker kua Dagros og store tre. Rolla som ung odelsjente er utfordrande, fordi faren hennar meiner at fetteren, som likar å køyre traktor, heller burde ha overtatt. Han meiner ho er udugeleg, og kallar ho for stiklingen. Du-et har ikkje færre enn fire småbrør som ho har fått høyre ho tar odelsretten frå. Men det er også utfordrande fordi dei som unge jenter ikkje blir rekna med i grunneigarlaget i bygda. Likevel veit eg-et godt at ho slett ikkje er ei byjente. Les meir