Forteljinga startar på mørkaste vinteren, og vi følgjer eg-personen Anwar frå Afghanistan, som er nykomen til eit mottak i ei lita bygd i Nord-Noreg. Han er i dårleg fysisk form på grunn av sjukdom. Ein dag kjem Walid. Dei to gutane deler rom, og på mottaket bur mange unge menn frå Afghanistan.
Det er dårleg standard på mottaket og skolen, rotete og skite og manglande vedlikehald. Lyspærer blir ikkje skifta, og det kjem ikkje nye bordtennisrekkertar. Dei tilsette blir namngjevne som Sjeiken og Isbjørnen, og dei har eit distansert forhold til gutane som bur der. Dei er mest opptekne av at reglane må følgjast. Les meir