Skribentarkiv: Torgeir Dimmen

Åsmund Husabø Eikenes: Ny kunnskap om kreft. På veg mot framtidas kreftbehandling

Dette er ei bok som gir oppdatert og kvalitetssikra kunnskap om eit tema mange har høyrt om, men som få utanfor fagmiljøa har detaljert innsikt i. Forfattaren Åsmund Husabø Eikenes er sjølv kreftforskar med doktorgrad i emnet. Han greier det kunststykket å presentere dei mange og svært komplekse sidene ved denne alvorlege diagnosen på ein måte som er til å forstå også for ikkje-fagfolk.

Eikenes skriv om immunterapi og andre behandlingsformer, om diagnostisering, forskingsprosjekt og vaksinar. Bruk av kunstig intelligens er også eit tema.

Ein sentral bodskap i boka er at kreft er mange ulike typar sjukdomar som krev til dels svært spesiell og individuelt tilpassa behandling. Det kjem godt fram kor vanskeleg det er både å stille heilt rett diagnose og å finne akkurat rett behandling. Les meir

Nils Henrik Smith: 11 meter. Straffesparkets historie

Alle veit at fotball er ein svært populær idrett, med tilhengarar i alle aldrar. Men er det så mange av desse som er så spesielt interesserte at det er marknad for ei heil bok om berre ein ørliten del av spelet, nemleg straffesparket? Svaret er truleg ja. Ikkje minst fordi boka 11 meter. Straffesparkets historie er både godt skriven og underhaldande.

Les meir

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen: Sinne

Opplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka (s. 48–57)
Her finn du intervju med forfattar Ann Helen Kolås Ingebrigtsen.

Synne er 15 år og går siste året på ungdomsskulen. Ho har ein ADHD-diagnose som ho prøver å halde hemmeleg for klassekameratane, og har lært seg teknikkar for å halde kjenslene og reaksjonane i sjakk når det byrjar å koke. Rett som det er endar det likevel med bråk i klasserommet og besøk hjå rådgjevaren. Synne strevar med forholdet til alle rundt seg, både foreldra og broren, besteveninna Torunn, influensaren Kine og ikkje minst Johan, den kjekke nye guten i klassen. For å kome ut av den vonde sirkelen må ho våge å stå fram som den ho er.

Les meir

Åsmund Husabø Eikenes: Sprut. Historia om kroppsvæskene våre

«Mangel på kunnskap om mat og kroppsvæsker kan få alvorlege konsekvensar og bli eit festmåltid med bismak: På menyen står råmjølk, blodpudding, hjernemasse og morkake.» Dette er ein av dei mange spenstige formuleringane i denne boka om dei 54(!) kroppsvæskene i menneskekroppen. Eit kyss, eit sveitteutbrot eller ei tåre blir aldri det same etter å ha lese denne boka. For ikkje å snakke om innsikta i kva som faktisk skjer før, under og etter eit samleie.

Biologen Åsmund Husebø Eikenes fortel på ein svært folkeleg og morosam måte om kvar dei ulike kroppsvæskene finst og kva funksjon dei har. Han har eit historisk perspektiv og krydrar framstillinga med døme frå eigne og andre sine personlege opplevingar og frå internasjonal forsking. Les meir

Ørjan Håskjold Nyland: Ørjans keeperskole

keeperskoleI samarbeid med Eirik Ingebrigtsen

Ørjans keeperskole er ei bok som høver godt for fotballinteresserte gutar og jenter frå åtte år og oppover. Dei er det mange av, og denne boka har potensial til å bli ein bestseljar for denne målgruppa. Boka har truleg også appell til eldre lesarar med keeper-ambisjonar. For sjølv om språk og utforming er tilpassa eit ungt publikum, er sjølve øvingane og tipsa aktuelle for alle.
Ørjan Håskjold Nyland (f. 1990) har vakse opp eit drygt utspark frå Ivar Aasen-tunet. Målmannen frå Morkabygda i Volda spelte for Hødd og Molde før han i 2015 vart henta til Ingolstadt i tysk Bundesliga. Dei siste åra har han også vore førstevalet som burvaktar på landslaget.

Les meir

Arnfinn Kolerud: Kom ikkje inn i mitt hus

Å tulle med nynorsken og den norske språkstriden er ein risikosport. Nokre av dei som har prøvd seg med det dei siste 150 åra, har fått røyne det, med rasande tilsvar frå illsinte målfolk.

Det gjeld neppe Arnfinn Kolerud. I så fall er det frå folk med uvanleg dårleg utvikla humoristisk sans. Han har skrive to bøker om målfanatikaren Bendik Uføre sin hemningslause kamp for nynorsken i Vassbygdi/Vassbygda, verdas siste bygd der nynorsk framleis er hovudmål: Når ein først skal skyte nokon og Kom ikkje inn i mitt hus.

Her er det eit frodig persongalleri, friske ordspel og ei handling som renn over av referansar til den norske språkstriden. Bendik (som køyrer Toyoti) og dei gode hjelparane hans (ei av dei køyrer Auda) har eit utal originale prosjekt på lager for å nedkjempe bokmåldominansen rundt seg. Ikkje alle er like vellukka, men det legg ingen dempar på motivasjonen.

Teksten er lettlesen og delt inn i mange små kapittel med pirrande titlar som «Naken dame slår gras», «Det vakkar på seg» og «Bendik Uføre opnar hanskerommet til Sylvia.» Dialogane er smått absurde med uventa vendingar og poeng.

Bøkene høver best for ungdom og vaksne med sans for språkleg humor og i alle fall litt interesse for den særnorske språkstriden.

Forlaget presenter bøkene som dei to første i ein trilogi. Vi ser fram til å få siste delen av denne absurde forteljinga. Då får vi kanskje vite om mordet på bjørnen Ivar i Dyreparken i Kristiansand blir oppklara. Han måtte bøte med livet fordi han var i ferd med å bli meir kjend enn sjølvaste Ivar Aasen.

Les bokomtale av den første boka, Når ein først skal skyte nokon.
Les bokomtale av den tredje boka, Gamle menn i syningom.

Les meir