Nynorskbok.no / Bakom boka

Bakom boka

Her finn du podkastar med forfattarintervju.

Forfattar

Podkastar

Les meir om

Erna Osland

Ho har skrive over 50 bøker, og ho gir seg ikkje. – Det beste eg veit, er å gå, skrive og bere stein, seier forfattar Erna Osland (73).

Asbjørn Rydland

Asbjørn Rydland byr ungdommen på magi, teknologi og dystopi i eit språk så rikt at det smakar av poesi. 

Ingunn Thon

Forfattar Ingunn Thon går til kamp mot perfeksjon. Og ho meiner me bør endre innhaldet i ordet «barnsleg».

Vegard Markhus

Han syng og spelar gitar, teiknar og skriv, reiser rundt og underheld barn, og innimellom er han også innom lærarjobben sin. Vegard Markhus er forfattar og illustratør, med ein tydeleg strek og ein særprega absurd humor.

Sunniva Relling Berg

Hovudpersonane hennar står på ulike måtar utanfor. Sunniva Relling Berg har skrive fleire bøker om smarte jenter som slit sosialt. 

Arnfinn Kolerud

Arnfinn Kolerud har gitt ut fleire bøker for barn, ungdom og vaksne. No stiller han inn siktet på målgruppa 9–12 år.

Maria Parr

Bøkene hennar er fulle av kvardagar og vanlege menneske med heile spekteret av kjensler, men forklart gjennom Maria Parr-filteret blir det løfta til noko heilt eige og litt magisk. Men den stadige samanlikninga med Astrid Lindgren synest ho blir billeg. 

Kari Stai

Mange barn får sitt første møte med nynorsk gjennom bøkene til Kari Stai. Sjølv kallar ho seg ein gratispassasjer i eit språk ho ser må kjempast for.

Terje Torkildsen

«Humor og action» er mottoet for forfattarskapen til Terje Torkildsen. Han seier han har besøkt meir enn 90 % av ungdomsskulane mellom Arendal og Ålesund, og han er storleg imponert over formidlingsarbeidet til norske lærarar.

Agnes Ravatn

Agnes Ravatn takkar norsklæraren som sa ho kunne verte forfattar. Ho har gjort suksess med fleire bøker, og vert ofte omtala som ironikar. Sjølv er ho så usikker på kva det betyr, at ho lovar eit stipend på 10 000 kroner til den masteroppgåva som kan forklare det.

Roald Kaldestad

Musikalske kattar, trøystande kattar og døyande kattar: Musikar og forfattar Roald Kaldestad turnerer stadig med framsyningar baserte på både gamle og nyare bøker. 

Brynjulf Jung Tjønn

Brynjulf Jung Tjønn slår oss i magen med dikt om kvardagsrasisme i Kvit, norsk mann. Diktsamlinga får massivt skryt, og det overraskar forfattaren.

Hilde Myklebust

Splintra har Hilde Myklebust bore i seg lenge. Boka bygger på sorg og tap frå hennar eiga ungdomstid.

Atle Hansen

Forfattar Atle Hansen rundar snart 20 bøker, med titlar som Flukt, Svartedalen, Apetryne og Maria Møy. Han har skrive både for barn, ungdom og vaksne. 

Ruth Lillegraven

Lyrikar Ruth Lillegraven meiner at både barn og vaksne treng litteratur for å verte klokare menneske. Dikt kan vere den raskaste vegen til målet.

Anders Totland

Forfattar Anders Totland i samtale med Heidi Fagna.  

Aina Basso

Aina Basso har til no gjeve ut fire historiske romanar for ungdommar og vaksne, og ei faktabok om hekser for barn.

Bjørn Sortland

Bjørn Sortland i samtale med Janne Karin Støylen frå Nynorsksenteret. I podkasten fortel han kvifor han er så oppteken av kunst, kvifor tru er eit tema som stadig dukkar opp, og han fortel kva det er som fascinerer han slik med jenter.

Maria Parr

Forfattar Maria Parr i samtale med Heidi Fagna frå Nynorsksenteret.

Martine Grande

Forfattar Martine Grande i samtale med Heidi Fagna.

Tor Arve Røssland

Tor Arve Røssland meiner at historia er det viktigaste og bryr seg ikkje fullt så mykje om bodskapen. Han vil først og fremst underhalde lesarane sine, og brukar både verkelege og overnaturlege hendingar i forteljingane.

Tor Arve Røssland intervjua av Sunniva Tonning (14 år).
Hilde vert intervjua av Nora Norum Hellebust, 14 år frå Jølster.

Hilde Kristin Kvalvaag

Hilde K. Kvalvaag elskar å skrive.
– Det er som å gå på kino i sitt eige hovud, seier ho. Likevel trudde ho aldri at ho kunne klare å bli forfattar, då ho var yngre. Korleis ho faktisk klarte det, får du høyre meir om i intervjuet.

A. Audhild Solberg

Audhild Solberg er mest kjent for drama-serien Superbitchene. I intervjuet fortel ho korleis ho brukte dagboka si frå ungdomstida då ho skreiv bøkene, men at ho ikkje blei mobba sjølv. Dei siste bøkene hennar er grøssarar, som ho sjølv likar godt å lese.

A. Audhild Solberg intervjua av Ragnhild Tonning (11 år).