Nynorskbok.no / Bakom boka / Brynjulf Jung Tjønn

Brynjulf Jung Tjønn

I dette sterke portrettet i Bakom boka fortel forfattaren korleis han bøter på at han aldri vert norsk nok:

– Eg har vore veldig oppteken av korleis eg kler meg og korleis eg ser ut. Eg tenkjer at eg kan ikkje gå rundt i veldig stygge klede eller lukta vondt. Eg har vore oppteken av å bu på ein bra plass i Oslo og er veldig oppteken av status-ting for å minimera tanken om at eg er utanlandsk. Eg har prøvd å vera mest mogleg norsk på alle andre måtar enn det eg ikkje kan gjera for bli ordentleg norsk per dags dato, som er å sjå kvit ut.

I podkasten snakkar Brynjulf Jung Tjønn om adopsjon, kvardagsrasisme, kvifor bøkene hans handlar om så mykje vondt, og hans eiga leiting etter identitet.

Brynjulf Jung Tjønn slår oss i magen med dikt om kvardagsrasisme i Kvit, norsk mann. Diktsamlinga får massivt skryt, og det overraskar forfattaren.

Vil du arbeide med dikta i klasserommet? Nynorsksenteret har laga eit undervisingsopplegg til boka: Kvit, norsk mann – arbeid med ein samfunnsaktuell, lyrisk tekst i klasserommet