Nynorskbok.no / Bakom boka / Maria Parr

Maria Parr

Forfattaren Maria Parr i samtale med Heidi Fagna frå Nynorsksenteret.

Maria Parr frå Vanylven har gjeve ut fleire barnebøker. Bøkene er selde til ei rekkje land, og allereie for debutboka Vaffelhjarte vart ho nominert til Brageprisen. For boka om Tonje Glimmerdal fekk ho den høgthengande prisen. Vaffelhjarte har i tillegg vorte ein populær TV-serie på NRK Super, og Tonje Glimmerdal har vore sett opp som teaterstykke.

I podkasten fortel ho om korleis ho jobbar, og om kvifor Tonje Glimmerdal ikkje har mobiltelefon. Dessutan avslører ho kva ho skulle ønske at ho ikkje hadde tatt med i Vaffelhjarte.