Nynorskbok.no / Bakom boka / Tor Arve Røssland

Tor Arve Røssland

Tor Arve Røssland meiner at historia er det viktigaste og bryr seg ikkje fullt så mykje om bodskapen. Han vil først og fremst underhalde lesarane sine, og brukar både verkelege og overnaturlege hendingar i forteljingane. Det er Sunniva Tonning, 14 år frå Jølster, som intervjuar Tor Arve. Ho møtte forfattarskapen først gjennom grøssarane om Svarte-Matilda, og unngjekk speglar lenge etterpå. Her fortel Tora Arve korleis han fekk idéen til bokserien. Han avslører også kva for ei av dei 17 bøkene sine han er aller mest fornøgd med.