Brevet frå krigen – økt 2 (ungdomsskule)

1. Før du les eller lyttar til utdraget frå boka

Sist vart vi så vidt kjende med Jorun. No hoppar vi eit stykke ut i boka, til kapittel 17. Vi er komne eit stykke ut i krigen, og også skulekvardagen er prega av krigen. Det var viktig for mange å vite kva side ein heldt med i krigen. Dette var også barn og unge opptekne av. Før vi les vidare, er det to omgrep du bør vite om:

Hirden var uniformskledde medlemmer i Nasjonal Samling, altså dei som heldt med okkupasjonsmakta Tyskland. Det var grupper for gutehird, jentehird og unghird, og alle måtte bere ei blågrå uniform med skyggelue når dei var i teneste. Mange brukte uniforma til dagleg også.

Jøssing var først brukt av nazistane som eit skjellsord på dei som sympatiserte med England. For nordmenn som var motstandarar av den tyske okkupasjonsmakta, blei det eit heidersnamn.

2. Les eller lytt til utdraget

Kapittel 17, s. 94–99

3. Etter lesinga

Tenk etter:
Kva trur du Jorun følte då ho oppdaga at Thor var ein del av hirden? Kvifor trur du at ho ikkje vil at han skal få skrive i poesiboka hennar?

Brevet frå krigen kombinerer skjønnlitterær tekst med faktastoff, bilete og brev, og er ein samansett tekst. Sjå til dømes på brevet på side 96. Det er fotografert og sett inn saman med faktaboksen om «Jøssing» og forteljinga til Jorun på høgre side. Kvifor trur du forfattaren nyttar så mange ulike måtar å fortelje det ho vil seie på?