Nynorsksenteret samarbeider med Ivar Aasen-tunet om å lage gratis undervisingsopplegg til utvalde nynorske barnebøker. Målet er å gjere det lett for lærarane å ta i bruk bøkene i klasserommet.


Infoplakat (PDF)

Bok på 1-2-3: Månen som ville lyse som ei sol

Boka tek føre seg fleire vitskaplege fenomen og tema, men handlar også om det mellommenneskelege: å finne sine eigne kvalitetar og verdsetje at vi er ulike.

Sola og månen er hovudpersonane i forteljinga. Månen er sjalu på sola, og han bestemmer seg for å ta opp kampen om å vere den som lyser opp jorda. Han snik seg framfor sola og forsøker å overstråle henne, men resultatet er mørke midt på dagen. Månen innser at han ikkje har strålekrafta til sola: «Eg tok feil, kviskrar månen. Eg lyser ikkje!» Men også sola innser at ho har tatt feil av månen. Ho har vore så overlegen og sagt at han ikkje er til verken nytte eller glede, men no innser ho at han er høgst naudsynt: «Kven skal elles spegle lyset mitt når dagen er over, smiler ho.»
Les meir

Bok på 1-2-3: Bo flyttar ut

Bo har det fint aleine heime saman med matmor. Men ein dag flyttar hunden Viktor inn. Då bestemmer Bo seg for å finne ei ny plass å bu. Han er innom fleire stadar på leiting etter ein ny heim, men finn etter kvart ut at den beste plassen å vere er heime med matmor og Viktor.

Boka er skriven og illustrert av Trude Tjensvold.

Les meir